Frustrerte over Fylkesmannen

Øyvind Utne (H) (i midten) frykta at ny kommuneplan ikkje vil gi den optimismen ein kommuneplan skal gi. Her i samtale med Aksel Kloster jr. (Ap) og Erlingur Nielsson (H).

Øyvind Utne (H) (i midten) frykta at ny kommuneplan ikkje vil gi den optimismen ein kommuneplan skal gi. Her i samtale med Aksel Kloster jr. (Ap) og Erlingur Nielsson (H).

Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesmannen stod ikkje høgt i kurs blant politikarane under kom-munestyret torsdag, mykje på grunn av eit 19 sider langt skriv som stikk fleire kjeppar i hjula for den nye kommuneplanen.

DEL

Torsdag var ny kommuneplan for Kvinnherad oppe til behandling i kommunestyret. Både administrasjonen og politikarane har hatt eit håp om å koma i mål med planen no, men så enkelt skulle det ikkje bli. Mykje av årsaka til dette er at Fylkesmannen har kome med eit langt skriv med ulike innvendingar til planforslaget. Rådmannen hadde eigentleg innstilt på eit vedtak av planforslaget, men i møtet rådde han til ein debatt blant politikarane, og håpte på ein del svar frå dei som i staden for kan kan gi grunnlag for vedtak i neste møte.

– Vi har hatt mange møter med Fylkesmannen, og etter det siste fekk vi eit skriv frå han der han summerer opp sine vurderingar. Det var eit skriv på ikkje mindre enn 19 sider, og ikkje alt som stod der var like enkelt å forholda seg til, sa rådmann Odd Ivar Øvregård.

– Er vi komne til eit vendepunkt?

Noko av det Fylkesmannen ikkje vil gå med på, er grepet kommunen har gjort ved å setja av større område til såkalla LNFS (Landbruks,-natur-og friluftsføremål spreidd). «Slik som kommunen har handtert temaet, har det vore, og er framleis, utfordrande for oss å kunne sjå verknaden av og å akseptera framgangsmåten, då vi finn at det er i strid med lovforståinga vår på dette punktet», er av det som står i brevet frå Fylkesmannen.

– Vi skal ha eit nytt møte etter å ha gått gjennom desse 19 sidene, sa rådmannen.

Fleire politikarar uttrykte sterk misnøye med Fylkesmannen si lange liste med innvendingar.

– Arbeidet starta i 2014. Vi er no i 2018. Dette var eigentleg ein revisjon og samanslåing av planar, som skulle ta eitt år. Vi gjekk aktivt ut og sa vi  ikkje ville ha innspel, likevel var det ein del som valde å senda inn merknadar. Dette måtte jo takast på alvor, og mange fekk endringane med i planen, medan dei som valde å følgja utlysingsteksten ikkje blei nemnt. Så det har blitt ein hybrid, dette her. Viss Fylkesmannen skal ha retta opp alle motsegna vil planen nesten ikkje bli å kjenna igjen. Då må den vel ut på høyring på nytt. Så er vi der at vi må starta på nytt, sa Øyvind Lernes (H).

Han peikte på at det òg er kome nye tilhøve til etter at planarbeidet tok til, mellom anna den nye kystsoneplanen.

– Er vi komne til eit vendepunkt? Akkurat no har eg inntrykk av at målet er å vedta ein plan, og det er alt, medan vi gløymer utviklinga av kommunen oppi dette, la han til.

Øyvind Utne (H) slutta seg til mykje av dette.

– Det kom inn enormt med merknadar, somme av desse ganske omfattande, det var jo nesten grunnlag for å laga ein heilt ny plan på alt det folk hadde merknadar til. Kjem ein med merknadar så må det takast inn i planen. Samstundes seiast det at dette jo berre er ein kartrevisjon, så vi står altså med eit plandokument som Fylkesmannen står og strittar imot, og som heller ikkje vil gi oss det grunnlaget for optimisme som ein kommuneplan skal gi, påpeikte han.

– På tide vi tar eit oppgjer

Thorleif J. Hellesøy (FrP) frykta at planen skulle få ein lik skjebne som kommunedelplanen for Sunde, som blei stoppa for nokre år sidan.

– Eg synest det er ein litt merkeleg prosedyre og sakshandsaming vi er inne på no. Eg synest dette begynnar å likna enkelte ting i den kommunedelplanen for Sunde, som gjekk i sju steinar. Eg kjem til å høyra meir på innbyggjarane våre enn på Fylkesmannen i denne saka. Fylkesmannen skal liksom jobba for utvikling og vekst, men vi har merka forferdeleg lite til dette, meinte Hellesøy.

Partifelle Kai Morten Torget var heller ikkje nådig mot styresmakta på fylkesnivå:

– Eg vil berre uttrykka mi fortviling over at Fylkesmannen skal vera så vanskeleg med oss. På éi side seier han at vi må ha ein samlande plan, på ei anna side nektar han å godta ein plan som etter mitt syn er nokså konservativ. Vi er positive og prøver å hjelpa folk, så kjem sakene til Fylkesmannen som slår seg vrang på grunn av små detaljar. Det er på tide at han anten får sparken eller tar seg saman, sa Torget, som fekk beskjed av ordføraren om å passa språkbruken.

Også Leif Sverre Enes (H) var frustrert:

– Eg veit ikkje om eg skal le eller grina. Det er på tide vi tar eit oppgjer med miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen no. I starten av denne planprosessen fekk vi kjeft fordi vi ikkje hadde tatt innbyggjarane med. No seier fylkesmannen at private omsyn ikkje vil bli lagt vekt på. Skal vi høyra på han og ta omsyn til tinga han føreslår, kan vi like godt bruka den gamle planen, sa Enes.

Gruppeleiarane valde å halda eit gruppemøte, og vart samde om å utsetja heile saka ein månad. Forslaget til utsetjing var samrøystes.

– Så ser vi kva vi oppnår i samtalane med Fylkesmannen i månaden vi har føre oss, sa ordførar Peder Sjo Slettebø (H).

Fakta kommuneplanen:

– I Kvinnherad har arealdelen til kommuneplanen fram til no vore av-grensa i seks ulike kommuneplanar. Desse gjeldande planane har i dag vedtaksdatoar som strekk seg frå 2003 til 2013. Den nyaste av desse planane er kommunedelplan for Sandvoll, Holmedal, Matre og Åkra (vedteken i 2013) og er den einaste planen etter ny plan- og bygningslov.

– Delplanar som vert rullert separat over fleire år, medfører at dei ulike delplanområda i kommunen får ulike føresegner og retningsliner for mellom anna byggjetiltak. Ulike føresegner og retningsliner er uheldig og ikkje i samsvar med den nye plan- og bygningslova som føreset at kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen som viser samanheng mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk.

– Arealdelen må difor rullerast med eit overordna plankart som omfattar heile kommunen. Hovudmålet med planarbeidet har vore å laga ein felles arealdel med tilhøyrande føresegner som skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i Kvinnherad.

Føremålet med dette planarbeidet har altså primært vore ei teknisk rullering:

– Samla alle delplanane til éin plan i samsvar med gjeldande lovverk

– Etablera planen i tråd med den nye plan- og bygningslova og nye standardar

– Felles føresegner for heile kommunen

(Kjelde: Kvinnherad kommune)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken