Lang dags ferd mot omstridd KE-vedtak

KE-saka utløyste både debatt og sonderingar. Her er det Knut Førland (t.v.) og Gaute Lund (nr. tre frå venstre) som diskuterer.

KE-saka utløyste både debatt og sonderingar. Her er det Knut Førland (t.v.) og Gaute Lund (nr. tre frå venstre) som diskuterer. Foto:

Vedtaket om å gå vidare med fusjonsforhandlingar med BKK og HK kom etter eit ein maraton av nyttige presentasjonar og ein lang og til dels frisk debatt, om lag sju timar.

DEL

Etter at seks inhabile representantar (styremedlemer i KE) tredde frå, og vararepresentantane tok plass, valde kommunestyret å lukka møtet for å sjå nærare på tala i boda frå BKK og HK. Lukkinga skjedde med heimel i kommunelova §31, og med argumentasjon om økonomiske forhandlingar med andre partar.

Då møtet vart opna igjen var det klart for debatt. Både orienteringane i forkant, og sjølve debatten, kan du i heilskap sjå på kommunen sitt webTV-arkiv (hugs niste og litt popkorn), her blir det nokre få utdrag. Sjølve vedtaket finn du denne saka:

Jostein Saghaug (MDG) var først ute på talarstolen, og flagga støtte til å gå i intensjonsforhandlingar med KE og BKK.

– Ein fusjon har alle føresetnader for å få fleire arbeidsplassar knytt til fornybar energi, slik vi har høyrt i presentasjonane. Boda opnar for spennande grøne satsingar. Og for dei tilsette sin del bør det no bli ei avklaring før sommarferien, sa Saghaug.

Bernth-Harry Eliassen (Ap) var skeptisk:

– Vi får sjå på tala i nokre minutt, og så skal vi realitetsbehandla. Det er på grensa til det uforsvarlege, og vi kan heller ikkje debattera tala sidan dei ikkje er offentlege. Vi har høyrt mange fagre løfte frå HK og BKK, men vi har òg høyrt ein forskar (presentasjonen til PÖYRY, sjå anna sak, red. anm.). Personleg høyrer eg mest på han. Det er stor uvisse om korleis nye lovendringar vil slå ut. Han sa òg at å sjå på samarbeid med Hardanger Energi (HE) og Odda Energi (OE) i første omgang kanskje er det luraste, og at KE uansett er attraktiv om ein vil vurdera fusjon igjen om nokre år.

Eliassen var òg bekymra for arbeidsplassane i KE:

– Eg er sikker på at BKK og HK har gode intensjonar, men for meg er det litt uklart kva som eigentleg ligg i boda, og tala er litt uklare. I dag har vi styring sjølv, men eg fryktar tap av arbeidsplassar på sikt. I neste omgang kan då heile familiar forsvinna frå kommunen.

Leif Sverre Enes (H) sa at han med tida var blitt tryggare på standpunktet sitt:

– Eg vil rå til fusjonsforhandlingar for eg har lyst å sjå enden på det vi har starta, og sjå kven som har det beste bodet til slutt. Nettleiga vil gå ned om vi fusjonerer med eitt av dei store selskapa, til glede både for private og næringsliv. Kommunen som eigar vil truleg få eit større utbyte ved å gå i fusjon, men eg har stor respekt for dei som meiner noko anna.

Ove Lemicka (Frp) slutta seg til Enes sitt resonnement:

– Vi har fått ganske god dokumentasjon på at det neppe blir lett å vera eit relativt lite energiverk i tida som kjem. Det blir argumentert for at det ikkje blir gitt gode nok garantiar for arbeidsplassane, men vel ein å stå åleine, eller samarbeida med HE og OE, er det liten grunn til å tru at ein blir betre garantert på den måten.

Ikkje uventa var Lemicka (Frp) usamd med Eliassen (Ap):

– Det er ikkje realitetsbehandling i dag – vi skal gå vidare i forhandlingar, og ska vil koma tilbake til kommunestyret når alt er avklara. Dette er ein prosess som er feil å bryta av no.

Lars Emil Berge (H) var oppteken av at nettleiga må ned:

– Skal vi skapa grøne verksemder, må vi ha dei beste rammevilkåra, og eitt av dei er nettleiga. Det får vi til gjennom ein fusjon med BKK eller HK. Held vi fram som i dag, vil det bli tale om effektivisering og færre arbeidsplassar i KE.

Komplisert

Til liks med Eliassen (Ap), støtta Hege L. Røssland (SF) seg på analysen til PÖYRY:

– Dette er ei komplisert sak med ei vanskeleg verdivurdering, men ved å halda på eigarskapet beheld me òg kontrollen på utviklinga av selskapet. Den kan bli god i samarbeid med HE og OE, meinte Røssland.

– Er det ingen som er interesserte i kva eit slikt samarbeid kan gi av verdiauke? la ho til litt seinare i debatten.

Hans Inge Myrvold (Sp) karakteriserte det heile som ein lagnadsdag:

– Prosessen har kosta tid og krefter både for KE-styret og dei tilsette. Blir det fusjon står vi i fare for å mista den lokale forankringa og kompetansen. Sp ønskjer å sjå nærare på eit samarbeid med HE og OE.

Otto Benjaminson (KrF) var mest bekymra for konkurranseevna til lokale bedrifter:

– Det held ikkje å rigga KE. Det vi har fått høyra i dag gir eit godt grunnlag for å gå i forhandlingar om fusjon. Skal vi få til dei større prosjekta, må vi gå saman med dei store selskapa.

Ringreven Thorleif J. Hellesøy (Frp) verka ei stund å vera i tvil, men landa på å støtta forslaget om å gå i intensjonsforhandlingar om fusjon. Og til forhandlarane hadde han klare råd:

– Då må ein passa på ha samanliknbare sjekkpunkt.

Gaute Lund (SF) gjentok sitt syn i saka:

– Det er ei hovudsak for meg at nettbrukarane i kommunen eig nettet og utøver styring gjennom kommunestyret. Dette vil eg vi skal halda fram med, slik at også neste generasjon får styra denne essensielle infrastrukturen. No må vi leggja ballen daud, og vidare gi KE klare mandat og arbeidsro.

Arne Presthus (H) uttrykte stor respekt for at det er ulike meiningar i saka.

– Eg har ikkje lyst til å selja KE, elektrifiseringa som står framfor oss kan gi store mogelegheiter. BKK og HK har sikkert gode intensjonar, men no er BKK blitt så store at dei neppe kan forfordela Kvinnherad.

Kent Are Kjørsvik Petterson (V) meinte kommunen treng å få større aktørar på banen:

– Vi har hatt ein vanskeleg prosess i partiet, men har tvilt oss fram til å vera samde med Høgre om å gå vidare i fusjonsforhandlingar. Vi treng eksterne musklar for å få til store prosjekt som hydrogenprosjektet i Matre.

Marit Årthun (KrF) braut med partifelle Benjaminson sitt syn:

– Sist stemde eg for å henta inn bod, men eg har vore i tvil. No seier magekjensla at det ikkje er rett å stemma for fusjon. Eg meiner KE må få tid til å sjå på samarbeid med HE og OE.

Sølvi Ulvenes (H) frykta at KE ikkje vil vera konkurransedyktig i møte med endringane som kjem:

– Vi har gode tilbydarar og eg trur ikkje dei spring frå lovnadane sine. Vi tar ikkje avgjersla i dag, og det er fornuftig å sjå kva vi kan få ut av reelle forhandlingar.

Per Ove Kviteberg (H) utfordra Myrvold (Sp) på om det i det heile finst andre måtar å gjennomføra effektivisering på enn å skjera ned på arbeidskrafta. Myrvold (Sp) kvitterte med at han baserte seg på rapportane og det styret hadde uttala.

Likestilling?

Etter eit gruppemøte var det Arne Presthus (H) som tok ordet først:

– Det har vore ein lang dag og vi har eit ønske om å enda denne saka. Sidan det såg ut til å bli vanskeleg, har eg sett fram eit forslag (sjå vedtaket i faktaboksen, red. anm). Det som har skjedd i dag har vore uryddig – vi har fått vita noko om boda som vi ikkje kan gå vidare med. No får vi ein dato der dette kan ta slutt, den eine eller andre vegen, og eg håpar flest mogeleg kan slutta opp om dette.

Etter kort å ha orientert om Ap, Sp og SF sitt forslag, kom Hilde Enstad (Ap) med ein kraftig reaksjon på at det i H, Frp, KrF, V og MDG sitt forslag var lista opp fire menn som forhandlarar.

– Eg må seia at det er utruleg at vi skal setja ned eit utval med fire menn. De må sleppa kvinnene til, freste Enstad.

Lemicka kvitterte slik:

– Vi vurderte å ha med ein representant frå den andre sida, nærare bestemt Enstad (Ap), men i debatten her har Ap sett seg på sidelinja.

Til dette repliserte Lund (SF) at det var vanskeleg å tolka Lemicka på annan måte enn at alle som var usamde med han stod på sidelinja. Også Myrvold (Sp) reagerte:

– Eg veit akkurat korleis det er å bli stilt på sidelinja i eit posisjonssamarbeid!

Røssland (SF) stilte seg tvilande til om det var lovleg å oppretta ei slik arbeidsgruppe berre med menn, og det enda med at dei to SF-representantane la fram krav om lovlegkontroll av manglande kjønnsbalanse i vedtaket.

Presthus (H) stakk tilbake på denne måten:

– Eg kan forstå indignasjonen til damene, men det er berre å slutta seg til forslaget og foreslå representantar som kan forhandla.

Etter ein kort pause erklærte ordføraren at forslaget ikkje vart endra, og at det var tid for å røysta. Det fekk Lund (SF) til å reagera:

– Dersom dette forslaget får fleirtal er det ugjenkalleleg. Vi kan koma med nytt forslag ved ei seinare høve, men det blir uryddig. I forslaget står det at vi skal fisjonera og fusjonera – då kan vi ikkje seinare gå til bodgivarane og seia ha-ha, vi vil ikkje fusjonera likevel. Med dette vedtaket blir det i prinsippet umogeleg å ikkje selja, meinte Lund.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags