Stiller spørsmål om skuleøkonomi

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Torsdag er det kommunestyremøte, og Gretha Rød (AP) har følgjande spørsmål til ordføraren:

Sidan hausten 2015 har kommunen fått nytt politisk styre og ny rådmann. Det er svært lite vi høyrer om økonomien for drift av skulane i Kvinnherad. Det er også svært vanskeleg å samanlikna tal no når det har vore ei større omorganisering for einingane i kommunen, inkludert skulane. Difor ber eg om å få ei oppsummering:

1. Har kommunen kutta i skulebudsjettet?

2. Om kutt, kor mykje?

3. Om kutt, kva har ein kutta ned på og kvar er dei største kutta utført?

Artikkeltags