«Eg vil ikkje stemma på folk som skræmer dei yngre med at alt vert så fælt på jorda ved klimaforandringane»

Av
DEL

MEININGARSikkert mange gode kandidatar i alle parti, iallfall når me les programma. Eg vil ikkje stemma på parti som kumulerar, der er sovidt eg kan sjå samanlagt 19 stk, dvs. at der har site ein liten klikk og bestemt kven eg skal velja. Heilt feil, folk kan tenkja sjølve. Med 35 repr. har me då 16 me kan velja fritt. Altså eit stort fleirtal me ikkje har noko å seia på. Kanskje får ikkje alle partia inn sine kumulerte, men la gå.

Eg vil ikkje stemma på folk som seier «her er nok pengar». Heller ikkje på dei som vil bruka pengar på anna enn lovpålagte oppgåver dei neste to åra, då må dei ha ein svært god grunn, eller småpengar. Kommunen er økonomisk vanstyrt nok.

Eg vil stemma på dei som seier at frå no av er det null korrupsjon og kameraderi i styringa. Nei, eg har ikkje bevis på det, men når ein les om galskapen andre stader kan det òg førekoma her.

Eg vil stemma på dei som seier at tulleturar med dyr service ikkje skal forekoma. Heller ikkje bevis, men hugsar godt skandaleturen til Ullensvang hotell for mange år sidan.

Eg ynskjer òg at nokon vil seia «at absolutt ingen tilsett i denne kommunen skal tena meir enn 200 tusen kroner over best betalte sjukepleiar». Det er ingen tilsett verdt, det gjeld òg Kvinnherad Energi. Går vel ikkje, fagforeiningane stoppar det.

Eg kan stemma på dei som vil ha 0 vindmøller, men ferje frå Sunde. Og på ein som er så ærleg og seier at «eg har verkeleg ikkje samvit til å spara så mykje pengar på el-bil når eg tenkjer på kva Nobelprisvinnaren sa om dei titusenvis av småborna i dei forferdelege råstoffgruvene». Kommunen skal køyra diesel.

Eg vil ikkje stemma på folk som skræmer dei yngre med at alt vert så fælt på jorda ved klimaforandringane, flyskam, kjøtskam og alle slag skam over alt mogleg. Det er faktisk så ille at det går utover psyken til nokon, ei jente sa på tv at ho trudde ikkje ho ville ha born, dei fekk ikkje leva opp. Aldri har det vore so bra på jorda som akkurat idag, aldri so lite krig, aldri so få fattige, aldri så lite ulukker og nok mat alle, men mange stadar feil fordelt. Eg vil stemma på ein som ber om slutt på det tullpreiket, Men eg kan stemma på dei som snakkar miljøvern, det er noko anna, og bra.

Så kan eg tenka meg at avisene spør alle partia om kven dei vil ha som som ordførarkandidat frå andre lister dersom dei ikkje får inn sin eigen. Men såpass ærlege er vel ingen at dei svarar på det, gode svar sit langt inne, men det burde me få vita før resultatet.

Forslag: Alle nye representantar skal vera pliktige til å lesa to bøker: 1. «Skattepengene som forsvant. Hvordan bruke 1,9 milliarder på ingenting – og andre kostbare historier om offentlig sektor i verdens rikeste land». 2: «Islam , den 11 landeplage». Og på nett: «Sløseriombudsmannen». De vil garantert få hakeslepp, ingen har endå klart å ta desse for nokon feil.

Nei, her var visst inga liste å bruka, men no er det slik at ein kan ikkje få alt ein ynskjer, så eg stemmer nok og vonar det beste, det er bra folk på alle listene ser eg. Godt val!

Johs. Bondhus

Dimmelsvik

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags