Klart for inspirasjonsdag

Styremedlem Ellinor Rein (t.v.) og prosjektkoordinator Kristine Røyrvik ser verkeleg fram til å ønskja velkomen til den aller første Kvinnheradkonferansen 23. mai.

Styremedlem Ellinor Rein (t.v.) og prosjektkoordinator Kristine Røyrvik ser verkeleg fram til å ønskja velkomen til den aller første Kvinnheradkonferansen 23. mai. Foto:

Torsdag 23. mai kan bli den første dagen med fornya inspirasjon på jobben.

DEL

Det håpar og trur i alle fall prosjektkoordinator Kristine Røyrvik i Kvinnherad Næringsservice. Denne dagen går nemleg den aller første Kvinnheradkonferansen av stabelen – ein konferanse som er meint å gi påfyll som styrker arbeidslysta og dermed gjer godt for bedrifta ein jobbar i. Nettverksbygging, kommunikasjon og samarbeid er temaa, krydra med musikalske rytmar og festmiddag som avslutning. Alt går føre seg i festsalen på Kulturhuset Husnes, og påmeldingsfristen er sett til komande søndag 12. mai.


Gode foredragshaldarar

Profesjonelle folk kjem for å halda foredrag. Pellegrino Riccardi snakkar om kommunikasjon og samarbeid, noko han gjer ispedd gode dosar med humor og inspirasjon.

Edgar Valdmanis lærer bort kunsten å bygga nettverk. I vente er eit matnyttig foredrag med idear og konkrete måtar å bygga gode nettverk på.

– Gode folk som vil gi oss både inspirasjon og kunnskap. Tanken er å gi deltakarane idear ein kan ta rett med seg på jobben og bruka der, reklamerer Røyrvik.


Urpremierar

Under middagen opptrer bandet «Husnes Funk Orchestra» for aller første gong. Bandet har utspring i musikarane som spelte under Pink Floyd-konsertane. Urpremiere er det òg for sjølve Kvinnheradkonferansen. Den er meint å bli årleg, men med nye tema kvar gong. Konferansen er open for alle, både medlemsbedrifter i Kvinnherad Næringsservice, andre bedrifter og enkeltpersonar. Nyleg fekk konferansen 200.000 kroner i støtte frå Sparebank 1-stiftinga og har seinare fått sponsorstøtte frå nokre lokale bedrifter.

– Vi er svært glad for støtta vi har fått. Takka vere den klarer vi å halda deltakarprisen nede, fortel Røyrvik.

Til no har 100 meldt seg på, men framleis er det plass til fleire.

– Vi håpar på fullt hus, for dette blir ein god dag med påfyll av fleire slag, lokkar prosjektkoordinator Kristine Røyrvik.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags