Elisabeth Berg Hass

Godt rusta for framtida

– Eg lærer mykje her som kan hjelpa meg vidare i livet, seier Sindre Hjelmeland Øvstebø.
Publisert

Ungdomen frå Omvikdalen er ein av elleve som skal opp til humanistisk konfirmasjon i Kvinnherad no i vår. Annakvar veke møtest dei til konfirmasjonsundervising i biblioteket på Husnes, og diskuterer alt frå dei store tinga i verda, som menneskerettane, til kvardagsproblematikk som utsjånad- og merkepress. Kursleiarane er Gretha Rød og Miann Eylegar i Human etisk forbund Kvinnherad. Det er femte året dei gjennomfører konfirmasjonsundervising lokalt.

– Vi startar opp i januar, og så møtest vi annakvar veke til undervising. Nyleg var vi òg på hyttetur på Svartatjønn, og neste gong skal vi på Peppes Pizza, fortalde Gretha Rød, då Kvinnheringen besøkte konfirmasjonsundervisinga førre veke.

Krig, terror og merkeklede

Då vi kom innom, var konfirmantane i full gang med ein vernissasje. Stetteglas med Mozell og snacks stod på eit bord som dei kunne forsyna seg av, og på skiljeveggar hang ulike bilde som elevane skulle studera nærmare. Avisframsider, dikt og sitat, filmmotiv og fotografiar var av studieobjekta. Etterpå samla elevane seg i ei sitjegruppe for å diskutera inntrykka bilda hadde gjort på dei. Motivet av ein baby med kjende merkenamn tatovert på kroppen sette i gang ein diskusjon om klede, utsjånad og press ute i skulane. Bildet av barnesoldatar fekk konfirmantane til å snakka litt om kva krig er. Bildet frå terrorangrepet 22. juli gjorde òg inntrykk.

– Hugsar de hendinga godt? De var ikkje så gamle då, sa Rød til 14- og 15-åringane.

Trass i ung alder hugsa dei hendinga godt, og var samde om at eit nasjonalt traume som dette set seg i ein heil nasjon, truleg for all overskodeleg framtid. Sidan diskuterte konfirmantane eit sitat som hang innramma på vernissasjen.

«Jeg vil bare si til dere at dere ikke må vente på at livet skal bli bedre».

– Ho som sa det, var ei ung jente som heitte Regine Stokke, og som blogga om kreftsjukdomen sin før ho døydde, fortalde Eylegar.

Lærer om eigne tankar

Vi spurde ungdomane kvifor dei har valt humanistisk konfirmasjon.

– Eg trur ikkje på Gud, og synest eg lærar meir nyttige ting på denne konfirmasjonsundervisinga enn eg trur eg ville gjort på den kristne, fortalde Torstein Olderkjær frå Husnes.

Lisa Marie Johnsen frå Halsnøy syntest òg valet hadde vore enkelt:

– Eg er ikkje døypt, og ikkje så kristen. Foreldra mine spurde meg kva type konfirmasjon eg ville ha, humanistisk eller kristen, og eg svara ganske fort at eg ville ha humanistisk, fortalde ho.

– Eg lærer mykje her som kan hjelpa meg vidare i livet. Om ting som skjer her og no, og ikkje minst ting som får betyding for framtida, forklarte Sindre Hjelmeland Øvstebø frå Omvikdalen.

Dei fleste ungdomane fortalde at dei hadde fått god aksept på heimebane for valet, men eit par av dei nemnte kristne besteforeldre som hadde vore litt skuffa.

– Men dette er våre liv, så vi må ta våre val, slo dei fast.

– Kva er det de har lært her så langt?

– Vi lærer mykje om eigne tankar, og om det å ta eigne standpunkt. Vi snakkar om kritisk tenking, og om det å ha fordommar, fortalde Inga-Hedvig Voster Vannes frå Skånevik.

Annakvar veke reiser ho til Kvinnherad for å vera med på konfirmasjonsundervisinga her. Valet stod mellom Kvinnherad og Haugesund, då det ikkje finst eit slik tilbod der ho bur.

– Eg gler meg veldig til konfirmasjonsdagen. Det blir spennande, smilte ho.

Under denne seremonien, som skal vera i kinosalen på Husnes i slutten av april, er konfirmantane sjølve delaktige med diktlesing, song og det dei elles måtte ønska.

TID FOR REFLEKSJON: Frå venstre: Trym Juurmann Mortensen, Torstein Olderkjær, Marcus Nilsen Mathisen, Lisa Marie Johnsen, Tara Wiers Kvamme og Inga-Hedvig Voster Vannes.

TID FOR REFLEKSJON: Frå venstre: Trym Juurmann Mortensen, Torstein Olderkjær, Marcus Nilsen Mathisen, Lisa Marie Johnsen, Tara Wiers Kvamme og Inga-Hedvig Voster Vannes.

Søkjer nye kursleiarar

Den humanistiske konfirmasjonsundervisinga legg opp til at ein skal gjennom ulike tema, som menneskerettar, livssyn, etikk, identitet og så vidare. Det er kursleiarane sjølve som vel korleis undervisinga skal leggjast opp.

– Det er viktig å få fram at vi på ingen måte sit med nokon fasit. Målet er at ungdomane skal reflektera over ting sjølve, og gjera seg opp sine eigne meiningar, sa Rød.

Rød og Eylegar var dei som tok initiativ til ei lokal humanistisk konfirmasjonundervising, og har sidan hatt ansvaret for å driva den òg. Men no ønskjer begge to å senda stafettpinnen vidare.

– Vi begynner å bli klare til å trø til sides, men vi har veldig lyst til at dette flotte tiltaket skal halda fram. Difor håpar vi no at nokon kan ta over som kursleiarar, sa Eylegar.

– Kva eigenskapar må dei ha, dei som skal driva dette?

– Dei må lika ungdom. Og det er ikkje vanskeleg, med dei flotte ungdomane som vi har her. Elles vert ein kursa i det som går på kursleiarrolla, så det skal gå fint. Ta kontakt dersom dette kan vera noko for deg, oppmoda damene.

Artikkeltags