Karl Petter og Gaute vil skapa trygge, tøffe ungdommar

Artikkelen er over 2 år gammel

Karl Petter Vårdal og Gaute Lund blir dei nye kursleiarane for ungdomar som skal konfirmera seg humanistisk i Kvinnherad.

DEL

I vår signaliserte Gretha Rød og Miann Eylegar at dei ønskte å gje seg etter fem år som kursleiarar for humanistiske konfirmantar her lokalt. Heilt tilfeldig og uavhengig av kvarandre meldte kameratane Karl Petter Vårdal (43) og Gaute Lund (44) seg til teneste, då dei begge ønskte at tilbodet skulle bli vidareført i Kvinnherad.

– Det er fem år sidan det humanistiske konfirmasjonstilbodet blei etablert på skikkeleg vis i Kvinnherad. Før det var det éin konfirmasjon som vart gjennomført her, det var det året då eg sjølv var konfirmant. Eg hadde fire andre medkonfirmantar, fortel Gaute Lund.

Jakta på nye kursleiarar kom i e-post til medlemar i Human-Etisk for-bund, og det var då Lund meldte seg på.

– Eg blei veldig overraska, og sjølvsagt veldig glad, då eg fekk vita at Karl Petter allereie hadde meldt seg, smiler han.

Universelle idear

I vår var det 18 som stod til humanistisk konfirmasjon i Kvinnherad, eit noko høgare tal enn då Gaute Lund var konfirmant på 90-talet.

– Den store forskjellen i kristeleg og humanistisk konfirmasjon ligg ikkje først og fremst i seremonien, som i grunn mest er ei markering. Det er kurset/opplæringa i forkant av konfirmasjonane som utgjer den store skilnaden, forklarer Vårdal.

– Som humantistar – noko vi nødvendigvis blir når vi ikkje trur på høgare makter, må vi henta svara på dei store og små spørsmåla frå mennesket åleine. Vi kan ikkje basera oss på ein autoritet som fortel kva som er rett og gale. På den måten blir svara forankra i universelle idear om kva som er rett og gale for menneske over heile verda, uavhengig av religiøst og politisk ståstad, utdjupar Lund.

Vårdal legg til at også nokre kristne er medlemar i Human Etisk forbund, då verdiane er noko alle kan kjenna seg att i.

Dei to kurshaldarane fortel at sjølvstendig, kritisk tenking er grunnmuren for kurset, og at tema som vil bli tatt opp er livssyn, humanisme og menneskerettar, for å nemna noko.

– Kva håpar de ungdomane skal sitja att med etter kurset?

– Eg håpar vi kan gjera dei trygge på å ha sine eigne meiningar, og trygge på å stå for det dei meiner. Vonleg vil vi sjå dei att som aktive deltakarar i samfunnsdebatten seinare, seier Vårdal. 

Human-Etisk forbund i Kvinnherad har eit nært samarbeid med Odda. Tommy Tverdal i Human-Etisk forbund i Odda uttalar i ei pressemelding at han ser fram til nytt samarbeid:

– Odda og Kvinnherad si humanistiske konfirmasjonsundervising har vore eit svært viktig tilbod i mange år. Samarbeidet har fungert bra, der vi har delt oppgåver og lært av kvarandre.

I fjor var Tverdal og partnaren ferske kurshaldarar i Odda, men dei fekk god støtte av Eylegar og Rød.

– Og vi ønskjer no å bidra til at Karl Petter og Gaute skal få ein fantastisk konfirmasjon på Husnes neste år, uttalar Tverdal.

Påmeldingsfristen til humanistisk konfirmasjon 2018 er 1. oktober.

Artikkeltags