Kåre Eik tildelt Kongens fortenestemedalje

Kåre Eik er tildelt den ærefulle Kongens fortenestemedalje. (Arkivfoto).

Kåre Eik er tildelt den ærefulle Kongens fortenestemedalje. (Arkivfoto).

DEL

Den 14. oktober bestemte H.M. Kongen å tildela Kongens fortenestemedalje til Kåre Eik frå Seimsfoss. Nyhendet vart overrekt til medaljevinnaren av ordførar Hans Inge Myrvold onsdag føremiddag, står det å lesa i ei pressemelding frå Morten Nygård, leiar i Rosendal Turnlag si turgruppe.

Bak søknaden om å tildela fortenestemedaljen til Kåre Eik stod nemleg Rosendal Turnlag – Turgruppa, Rosendal Turnlag – Hovudlaget, Kvinnherad Turlag og Bergen og Hordaland Turlag.

«Kåre Eik har lagt ned ein eineståande innsats for turlivet og idretten, både som tilretteleggjar av ruter, eldsjel, inspirator, guide og leiar av konkurransar, arrangement og stemne. Han har også vore involvert i ei rad store bokprosjekt. Han er ikkje berre kjent i heimbygda Rosendal, men i heile Kvinnherad kommune og Hordaland fylke», står det i søknaden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags