Gå til sidens hovedinnhold

Konkurranse: Send oss haustferie-bilde og bli med i trekninga av «overlevingspakke» for hausten

Vi vil gjerne ha lesarane sine bilde frå haustferien. Vis oss kva du eller familien bruker feriedagane på, anten det er å gjera hage- eller husarbeid, gå tur, spela spel, baka, eller andre kjekke aktivitetar.

Vi vil bruka bilda i ein bildeserie på nettavisa, og kanskje òg i papiravisa.

Send bilda til redaksjon@kvinnheringen.no, og hugs å ta med namn og alder på dei som er med på bilda, og kor det er teke.

Du kan òg dela bilde via Instagram, men då må du hugsa å bruka begge desse emneknaggane: #kvinnheringen og #haustferie2020

Av dei som sender oss bilde trekker vi ut 10 vinnarar på måndag 12. oktober som får Kvinnheringen sin «overlevingspakke». Den kan vera praktisk å ha no når vi får haustmørke og kaldare og våtare vêr.

Pakken består av ein kraftig paraply, ein refleksvest for vaksne, ei is-skrape til bilen, eit refleksband og ein thermo-kopp.

Kommentarer til denne saken