Kvinnheringen kårar «Årets juletre i Kvinnherad» 2019 – send inn bilde av juletreet ditt!

KONKURRANSE: Denne gjengen skal plukka ut 15 av dei innsende bidraga i konkurransen, som lesarane så skal stemma over. F.v.: Trude Aarsand, Håvard Røyrvik, Karoline Helleland og Ingvild Revne.

KONKURRANSE: Denne gjengen skal plukka ut 15 av dei innsende bidraga i konkurransen, som lesarane så skal stemma over. F.v.: Trude Aarsand, Håvard Røyrvik, Karoline Helleland og Ingvild Revne.

Er du stolt av det flotte juletreet ditt, eller har du funne på noko artig? No vil vi kåra årets juletre i Kvinnherad med hjelp av lesarane våre!

DEL

Juletre høyrer liksom med for å få skikkeleg julestemning. Og kor elles skal du leggja julegåvene? Men kva som er finast, ekte tre eller kunstig, er det delte meiningar om. Dessutan har vi sett mange kreative løysingar opp gjennom åra – nokon har til og med laga juletre av ølboksar! For der nokon vil ha det tradisjonelt, vil kanskje andre ha det moro og vera kreative.

Berre fantasien set grenser i denne konkurransen!

– Vi veit det finst mange flinke og kreative sjeler i Kvinnherad, og dei fleste har nok juletre i heimen sin. Vi håpar mange vil senda oss bilde av treet sitt, seier juryen i Kvinnheringen, som består av journalist Trude Aarsand, journalist Håvard Røyrvik, marknadskonsulent Karoline Helleland og marknadskonsulent Ingvild Revne.

Desse fire i juryen skal plukka ut dei 15 trea dei synest er flottast eller stiligast blant alle dei innsende bidraga.

Så skal lesarane seinare få stemma fram sin favoritt på Kvinnheringen.no.

– Det er altså ikkje opp til oss å velja «Årets juletre i Kvinnherad», det skal lesarane stemma fram, forklarar juryen.

Vil du delta, må du senda inn bilde av det pynta treet ditt på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no. Siste frist for å senda inn bidrag er vesle julaftan, 23. desember, klokka 18.

I romjula må du følgja med på Kvinnheringen.no for å sjå trea du kan stemma over, og kanskje er ditt tre plukka ut til å vera med i konkurransen?

Juletreet som får flest stemmer av lesarane blir kåra som vinnar av Årets juletre 2019, og eigaren får eit gåvekort på 2.500 kroner på Husnes Storsenter og i tillegg ei spesiell julekule som bevis på sigeren.

Artikkeltags