Spå 2019

Foto:

Den som får flest rette svar i spåkonkurransen om 2019 blir premiert med 12 Flax-lodd om eit års tid. Grip sjansen!

DEL


1. Blir Peder Sjo Slettebø (H) attvald som ordførar?

2. I dag har Ap åtte kommunestyrerepresentantar. Blir det fleire etter valet?

3. Kjem «Di Derre» med Jo Nesbø til Festidalen?

4. Blir det publikumsrekord på Rosendal Kammermusikkfestival?

5. Blir det byggestart på ny idrettshall på Husnes?

6. Vil dei nye aksjonærane i Fjellberg Kraftlag AS få utbetalt heile eller delar av verdiane i selskapet?

7. Blir det sommarrevy på Husnes?

8. Held Åse Kleveland konsert i baroniet?

9. Blir det endeleg vedtak om midtre eller sørleg kryssing av Langenuen?

10. Blir Aksen på Husnes innflyttingsklar?

11. Må Folgefonnsenteret stenga?

12. Får Kvinnheringen ny redaktør?

13. Blir det gjort vedtak om skulesamanslåingar?

14. Kjem det til å vera deltakarar frå Kvinnherad i EM i strandvolleyball?

15. Vil nokre av a-laga i fotball på dame- eller herresida rykka ned ein divisjon?

16. Blir Ole Gunnar Solskjær fast tilsett som manager i Manchester United?

17. Vil Tina Abdulla få speletid på a-landslaget i handball i ein offisiell landskamp?

18. Vil det bli lagt ned brannstasjonar?

19. Blir det etablert stor møbelbutikk ein stad i kommunen?

20. Snøar det i Skålagato på julaftan?


Send svara dine på e-post til:

trude@kvinnheringen.no


eller som brev til:

Kvinnheringen

Lonavegen 59

5460 Husnes


Svarfristen er sett til fredag 11. januar 2019.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags