Kommunen lanserer Instagram-konkurranse

Kvinnherad kommune har laga eigen Instagram-konto – @Kvinnherad2050 – og nettside. For å få innspel har ein no laga eigen Instagram-konkurranse, der folk kan ta bilde av ting dei ønskjer seg i Kvinnherad. Her er kommunen sitt døme: «Bysykkel i Bergen. Kva tenkjer du om eit liknande tilbod i Kvinnherad?» står det til bildet. (Illustrasjon: Vidar Håland).

Kvinnherad kommune har laga eigen Instagram-konto – @Kvinnherad2050 – og nettside. For å få innspel har ein no laga eigen Instagram-konkurranse, der folk kan ta bilde av ting dei ønskjer seg i Kvinnherad. Her er kommunen sitt døme: «Bysykkel i Bergen. Kva tenkjer du om eit liknande tilbod i Kvinnherad?» står det til bildet. (Illustrasjon: Vidar Håland).

Kvinnherad kommune vil ha innspel til «Kvinnherad2050», og sparkar det heile i gang med ein Instagram-konkurranse.

DEL

Les også: No kan du vera med å bestemma korleis Kvinnherad skal sjå ut i framtida

– No skal vi forma Kvinnherad i lag! Endeleg er tida kome for innspel til både samfunnsdelen og arealdelen. For å markera starten på denne runden, blir det «kick-off» med ein Instagram-konkurranse, står det å lesa på kommunen si nylanserte nettside: kvinnherad2050.no.

Er du på tur utanfor Kvinnherad i sommar og får auge på noko du kunne tenkt deg i Kvinnherad, blir du oppmoda om å ta eit bilete, skriva kvifor du vil ha dette i vår kommune, og merka det med emneknaggen #kvinnherad2050 eller #kvh2050.

– Nyt du Kvinnherad og alt det vår eigen kommune har å by på, men finn at det manglar noko, at noko er viktig å ta vare på eller ei anna bygd har noko som kunne vore perfekt andre stader i kommunen òg; ta bilete, skriva kvifor og slenga på ein av dei to emneknaggane, står det i konkurranseteksten.

Flotte premiar

Alle innspel som er merka med #kvinnherad2050 og #kvh2050, vil vera med i konkurransen om ein iPad frå Apple. Ein jury samansett av ordførar, kommunedirektør, redaktørane i lokalavisene og samfunnsutviklarane i kommunen skal vurdera bidraga og kåra ein vinnar. Det er viktig at dei som deltar i konkurransen skriv kvifor dei kjem med innspelet.

Alle bidrag som kjem inn innan fristen 1. september i år, er dessutan med i trekninga av eit Audio/Technica-headset.

Er du over 13 år kan du delta med eigen Instagram-konto, men er du under 13 år må du nytta føresette sin konto.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags