Populært med Knutsen & Ludvigsen

Mange fann vegen til Trio Tunnel sin gratiskonsert med Knutsen & Ludvigsen-låtar i Kvinnherad bibliotek på Husnes på laurdag.

Mange fann vegen til Trio Tunnel sin gratiskonsert med Knutsen & Ludvigsen-låtar i Kvinnherad bibliotek på Husnes på laurdag.

Gratiskonserten på biblioteket med Knutsen & Ludvigsen-låtar var minst like kjekk for dei vaksne som ungane.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Foreldregenerasjonen hugsar nok godt Knutsen & Ludvigsen sitt artige univers, men dei siste åra har også dagens barn og unge blitt introdusert for duoen, blant anna på grunn av animasjonsfilmen «Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin» som kom i 2015. Og laurdag tok mange barn og vaksne turen til Kvinnherad bibliotek der «Trio Tunnel» beståande av dei stordbaserte musikarane Jørgen Sandvik, Roald Kaldestad og Endre Olsen heldt konsert. Dei spelte blant anna klassikarane «Dum og deilig», «Eg ve te Bergen» og «Kanskje kommer kongen». Dei fall i smak hos både barn og vaksne, som song med, klappa og dansa til musikken.

Artikkeltags