Likar du Kim Larsen sin musikk? Då bør du få med deg dette tribute-bandet

Denne gjengen spelar Kim Larsen sin musikk på Halsnøy kulturhus laurdag 23. mai. (Pressefoto: Ole Kristian OIsen).

Denne gjengen spelar Kim Larsen sin musikk på Halsnøy kulturhus laurdag 23. mai. (Pressefoto: Ole Kristian OIsen). Foto:

Mange kjenner nok til den folkekjære danske artisten Kim Larsen. Han døydde i 2018, men musikken hans lever vidare, og no får du sjansen til å oppleva den live på Halsnøy kulturhus 23. mai.

DEL

Bandet starta i januar 2018, og første konserten var på Ole Bull Scene i Bergen, 4. april 2019. Berre tre veker etter at billettane blei lagt ut var dei utselde, og dette førte til ekstrakonsert kor samtlege billettar også blei rivne bort. Etter suksessen i Bergen har etterspurnaden blitt enorm, og bandet speler Norge rundt, står det å lesa i pressemeldinga om bandet.

I akustisk setting tar musikarane deg med på ei herleg musikalsk reise i Kim Larsen sitt liv, og leverer det beste av hits som til dømes «Papirsklip», «Midt om natten», «This is my life» og «Hva gør vi nu, lille du».

Med dansk vokalist og frontfigur – Claus Pedersen, i kombinasjon med dyktige og rutinerte musikarar kjent frå musikkmiljøet i Bergen, blir den eine etter den andra perla gjenskapt med herleg innleving.

Som nok eit bevis på at «This Was My Life» er et meget populært tribute-band, kan det nemnast at Kim Larsen sin faste gitarist gjennom dei siste 23 åra, Karsten Skovgaard, har takka ja til å medverka som gjesteartist på nokre av konsertane til bandet.

Medlemmane i bandet er Claus Pedersen (vokal/gitar), Arne Oppedal (gitar/korvokal), Arild Gjørøy (bass/korvokal) og Marius Larsen (perkusjon/korvokal).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags