Gå til sidens hovedinnhold

Vaular-konsert fredag kveld

Artikkelen er over 5 år gammel

Lars Vaular har med seg rykande ferskt album til konserten på 5460 fredag kveld.

Bergens-rapparen Lars Vaular har vore svært produktiv dette året, og har sleppt tre album i «666»-trilogien. Den siste plata, «666 Mening» kom denne veka, og Bergens Tidende skriv at plata «nøstar opp trådane og kompletterer eit av dei mest solide verka i norsk hiphop-historie». Vaular har hatt fleire store hits, og forhåpentlegvis får publikum også høyra «Solbriller på», «Rett opp og ned», «Gary Speed» og «Det ordnar seg for pappa», blant anna. Arrangørane mel-der at billettsalet har gått svært bra, så dei som skal sikra seg billett til Husnes-konserten bør hiva seg rundt.

Kommentarer til denne saken