Gratiskonsert og pengegåver

I juli spelte Jan Eggum på Rosendal turisthotell. Onsdag er han tilbake for å spela på Hjartebank for Kvinnherad. (Arkivfoto).

I juli spelte Jan Eggum på Rosendal turisthotell. Onsdag er han tilbake for å spela på Hjartebank for Kvinnherad. (Arkivfoto).

Onsdag kveld 18. oktober arrangerer Sparebanken Vest Kvinnherad gratiskonsert og skal i tillegg dela ut til saman éin million kroner til gode prosjekt i lokalmiljøet.

DEL

Ein av Husnes sine store søner, Asbjørn Slettemark, kjem heim for å leia arrangementet «Hjartebank for Kvinnherad». Det er eit gratis og rusfritt arrangement med konsertar og gåveutdeling. Sparebanken Vest er arrangør, og har fått inn over 300 forslag til lag, organisasjonar og andre aktørar som fortener ei pengegåve til sitt prosjekt, og onsdag skal banken dela ut til saman éin million kroner til nokre av desse.

Av artistane som skal spela denne kvelden er duoen Elsa & Emilie, med vår eigen Elsa Søllesvik. Debutalbumet «Endless Optimism» frå 2014 gav dei ein nominasjon til Spellemannprisen 2015 i kategorien Årets nykommar, og i januar sleppte dei andre-albumet «Kill your darlings». I sommar spelte dei på Festidalen, og mange gler seg nok til eit gjenhøyr med dei to talentfulle unge songfuglane.

Jan Eggum skal også spela på «Hjartebank for Kvinnherad». Den folkekjære «vise-ministeren» har spelt i Kvinnherad fleire gonger, og sjarmerer alltid publikum i senk med både musikken og dei vittige kommentarane sine.

Stavangerkameratene er tredje artist som skal underhalda denne kvelden. Dei fire artistane som utgjer dette bandet har i tillegg til eigne utgivingar og konsertar blitt kjent for eit stort publikum via TV. Kjartan Salvesen vann «Idol» i 2004, Tommy Fredvang er blant anna kjent frå «X-Factor» i 2009, «Skal vi danse» i 2010 og «Stjernekamp» i 2015, Glenn Lyse vann «Idol» i 2007 og Ole Alexander Mæland har bakgrunn som vokalist i Elle Melle og deltok i «The Voice» i 2012. Stavangerkameratene hadde heile hausten 2016 blant dei 100 mest streama låtane på Spotify i Norge, og blant topp 20 på den offisielle radiolista med sin singel «Bare så du vett det».

Hjartebank-arrangementet er gratis og ope for alle, men du må sikra deg billett skal du ta turen til Husneshallen denne kvelden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags