Adventkonsert i Helgheim

Røysterett for alle inviterer til adventskonsert sjuande desember. (Arkivfoto).

Røysterett for alle inviterer til adventskonsert sjuande desember. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Torsdag 7. desember blir det adventkonsert i Helgheim i Uskedalen. Det er koret Røysterett for alle som er arrangør, og på gjestelista står barnekoret Nattergalen der Sofie Amalie Øvstebø vil vera solist, og dessutan Kvinnherad Folkemusikklag, opplyser leiar i Røysterett for alle, Lars Henrik Skogtun.

Dirigent for begge kora er Maria Malmsten.

Som seg hør og bør blir det ein runde med loddsal med gevinstar som passar inn i julesesongen.

Korsongar Svein Rimestad har følgjande oppmoding til dei som lurer litt på om dei skal på adventkonsert:

– Nytt dette unike høvet til å sleppa unna Dagsrevyen, Farmen, Sinnasnekkern og anna elende som TV renn over med.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags