Då Kvinnheringen var innom skulen på laurdagen var det berre til å følgja etter lyden. Dei unge deltakarane på seminaret, som er mellom ni og 18 år, var delte inn i ulike grupper og øvde både kvar for seg og i lag. Musikantane speler brass/messing-instrument som til dømes kornett, trombone, althorn, flygelhorn, tuba, baryton og eufonium. Det er femte året skulekorpsa har eit slikt felles seminar, og grunnen til at dei kunne arrangera det også i år er 65.000 kroner i støtte frå sparebankstiftinga. I år hadde dei hyrt inn fleire svært dyktige instruktørar. Dei fleste av desse kjem frå elite-korpsa Krohnengen og Eikanger/Bjørsvik i Bergen, utanom Tor Skeie Olsen. I spissen står tubaisten Eirik «The Viking» Gjerdevik, som med freidig humor klarte å engasjera dei unge musikantane.
– Trombone er ikkje eit instrument, det er eit våpen! Kom igjen, få den rette lyden her no, ropa han til trombone-gruppa under felles-øvinga.
– Voldsamt kor treige de er med å finna notene, då. Har de høyrt om iPad? Eg har alle songar i verden på denne, eg! sa Gjerdevik og løfta iPaden til latter frå ungdommane.
Vi tok ein prat med nokre av dei yngste seminar-deltakarane i lunsjpausen for å høyra om dei hadde det kjekt.
– Det er veldig moro, men litt vanskelege notar, sa Anna Simone Enes (9).
– Ja, men det er uansett kjekt å læra nye songar ilag med dei andre korpsa, meinte Ebba Hermann-Fossli (9).
– Vi skal faktisk læra oss Marcus & Martinus-låten «Elektrisk»! sa Emilie Fredheim Aas (8).
Alle var samde om at instruktørane dei hadde var flinke, snille og morosame. Kathrine Øvstebø ville dessutan rosa maten og pause-aktivitetane:
– Vi får brus og kake, og no skal vi klatra i klatreveggen i Aktivitetshallen!
– Vi vil anbefala alle å spela i korps, det er skikkeleg gøy, altså! la Anna Simone til før ho sprang til klatreveggen med dei andre.
Og den store avslutninga på seminaret blir altså felles-konserten i morgon (søndag) ettermiddag i Aktivitetshallen ved Uskedalen skule. Då får du høyra kor stilig brassband faktisk kan vera!
Les meir om seminaret og konserten på Uskedalen.no.