Frigaard i sitt ess

Artikkelen er over 4 år gammel

Terje Frigaard med band rocka "flettene" av publikum på Bar 5460 langfredag.

DEL

Ved konsertstart var det ikkje så mykje folk, som er litt typisk for Kvinnherad om arrangementet startar før klokka 23. Men det brydde ikkje entertaineren Frigaard seg om - han showa frå starten og hadde bokstaveleg tala publikumskontakt. Etter kvart ramla det inn meir og meir folk, og stemninga var på topp. Forutan den solide og kraftfulle stemma til vokalist Terje Frigaard briljerte musikarane i bandet; Reino A. Småland på gitar, Peter H. Sæverud på bass og Jan Petter Ågotnes på trommer med ulike rocke- og blues-klassikarar. Ingen tvil om at gjengen laga liv på Husnes.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags