Janove lovar knallshow på laurdag

Janove Ottesen lovar å levera ein råtøff konsert i Festsalen på laurdag. Då får publikum blant anna høyra den heilt nye singelen «Hengtmann». (Foto: Arne Bru Haug).

Janove Ottesen lovar å levera ein råtøff konsert i Festsalen på laurdag. Då får publikum blant anna høyra den heilt nye singelen «Hengtmann». (Foto: Arne Bru Haug).

Artikkelen er over 1 år gammel

Laurdag speler Janove Ottesen i Festsalen i Kulturhuset Husnes, og han gler seg til å festa med kvinnheringane.

DEL

Mange kvinnheringar har nok eit spesielt forhold til Janove, frå tida hans som frontvokalist i Kaizers Orchestra, der Rune Solheim var trommis. No satsar Janove som soloartist, og i februar kom første albumet «Artisten og Marlene». Etter å ha turnert med det nye bandet sitt sidan januar, avsluttar han no med å spela på mindre plassar som han ikkje har vore innom tidlegare. Vi tok ein telefon til Janove på måndag, for å høyra om han gler seg til helga og konsert på Husnes.

– Ja, absolutt! Det plar å ta heilt av, og eg kan lova at vi skal levera ein råtøff rockekonsert frå vår side. Etter å ha gjort rundt 40 konsertar ser vi at publikumet vårt likar å vera med, og vi er eit utåtvendt band som likar å henga med folk og helsa på fans etter konserten.

Janove kan også avsløra at han nettopp er ferdig med andrealbumet, som skal sleppast i januar.

– Vi speler konsertar kvar helg, fredag og laurdag, og i vekedagane har eg jobba med nytt album. Det blir mastra og så sendt til trykking i desse dagar, og blir sleppt på nyåret.

Det betyr at kvinnheringane også får høyra heilt nye låtar på konserten på laurdag.

– Vi kjem nok til å spela tre-fire nye låtar frå det komande albumet, blant anna den siste singelen «Hengtmann», som nett no er min favoritt. Den er tøff, passar godt live, og eg føler meg kul når eg syng den. Etter kvar konsert evaluerer vi kva som fungerer og ikkje fungerer, vi plukkar vekk låtar og legg til nye. Sånn sett er det ein fordel for publikumet på Husnes å vera sist på turnélista, for som eit fotballag blir vi betre jo meir vi får trena og spela saman. Husnes får nok garantert ein betre konsert frå vår side enn den vi spelte i Stavanger då vi begynte turneen i januar.

Janove har vore i Sunnhordland og Kvinnherad fleire gonger, og har foreldre frå Stord.

– Tidlegare då vi turnerte med Kaizers var vi alltid innom og helste på familie og slekt når vi var i nærleiken, også på Husnes hos familien til Rune. Det er triveleg. Konserten på Festidalen var også knall.

Janove håpar på fullt hus laurdag, og lovar ein kanon-konsert:

– Det har stort sett vore utselt før, så folk bør ikkje venta for lenge. Det var utselt i Haugesund, så kvinnheringane kan vel ikkje vera noko dårlegare? Eg kan i alle fall lova at det blir kanon! helsar Janove.

Artikkeltags