Kulturskule-lærarar med kyrkjekonsert i Uskedalen

Av

Det ligg an til ei særs flott musikkstund når Kirill Zimin, Yuko Shuto og Dmitrii Kuzmin held konsert saman med to svært unge musikalske gjester i Uskedal kyrkje komande søndagskveld.

DEL

Kvinnherad kulturskule har mange flinke musikarar i staben sin, og svært mange av dei har internasjonal bakgrunn. Tre av dei som har kome til dei siste åra er rektor, klarinettist og saksofonist Kirill Zimin, pianisten Yuko Shuto og tubaisten Dmitrii Kuzmin. Dei er alle klassemusikarar som kan sjå tilbake på mange store opplevingar.

Rektoren skal spela

Kirill Zimin er ein meister på saksofonar og klarinettar. Han har allereie markert seg i det kvinnherske musikkliv, mellom anna i det store Pink Floyd-prosjektet nyleg, og sist helg på jazzkonserten på Husnes i samarbeid med mellom andre Husnes musikklag. Han har også opptredd i Uskedal kyrkje ein gong tidlegare. At Kirill er klassemusikar, vert understreka av det faktum at han etter 10 år i Norge vert henta heim til St. Petersburg for å vera solist på store konsertar. Han lovar ein spennande konsert som musikarane har sett saman spesielt for dette høvet. Det vert stor breidde i programmet, frå flotte klassiske stykke til musikk som nærmar seg jazzsjangeren.

Frå Japan

Yuko Shuto kom til Kvinnherad sist haust då ho byrja som pianolærar i kulturskulen. Ho har solid musikkutdanning frå både heimlandet Japan, Griegakademiet i Bergen og Musikkhøgskulen i Oslo. Etter berre eit godt halvår er mange musikkelskande kvinnheringar blitt svært glade i denne solstråla av ein japansk pianist. På den store pianokonserten i Valen kyrkje nyleg var Yuko Shuto svært sentral og trollbatt publikum med vakre musikkstykke. No er vi så heldige å få oppleva ho i Uskedalen. Neste månad skal ho ein tur heim til Japan, og der skal ho halda konsert saman med to andre musikarar.

Tubaist

Tredjemann, Dmitrii Kuzmin, er tubaist og har berre jobba i kulturskulen sidan nyttår. Også han har svært så solid utøvarbakgrunn og utdanning. Han har jobba som tubaist i symfoniorkesteret Musica Aeterna i Perm i Russland. Dessutan har han brei internasjonal erfaring som utøvande musikar mellom anna frå studietida i Tyskland og frå han jobba meir enn fem år i Storbritannia. Han har også dirigert ulike store orkester. Konserten i Uskedalen vert den første offisielle solistopptredenen hans i Kvinnherad. Dette vert spennande, for han er opplagt ein klasseutøvar på instrumentet sitt.

Unge gjester

Det er eit stort pluss for musikklivet i Kvinnherad at kulturskulen hentar inn lærarar som også er på så høgt nivå som utøvande musikarar. Med tre så dyktige musikarar burde den store, gode opplevinga vera sikra. Likevel kan kanskje dei to gjestene bli rosina i pølsa. Sju år gamle Artur Zimin debuterte på bekken i skulekorpsuniform i 17. mai-tog i Åndalsnes tre år gammal. No har han allereie lagt mykje øving bak seg på trommesettet, og han skal spela trommer på to av låtane saman med dei andre musikarane. Søstera Avrora Zimina er berre fem år, og ho gler seg veldig til å syngja på konserten. Og det er ikkje nokon vanleg barnesong ho skal syngja. For første gong skal ho framføra den kjende amerikanske tradjazzlåten «All of me» på konsert. Det vil heilt sikkert svinga godt. Artur og Avrora vert ekstra krydder i ein allereie særs velsmakande «rett». Konserten er lagt til eit tidspunkt på kvelden som gjer at også interesserte barn skal kunna få denne fine opplevinga. Som vanleg er det ikkje inngangsbillett ved konsertane i Uskedal kyrkje, men det vert høve til å gi gåve ved utgang.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags