Gå til sidens hovedinnhold

- Betre enn Bergen!

Artikkelen er over 5 år gammel

Det meinte bergensarane Kvinnheringen snakka med då vi stakk innom Påfyll Snikkeriet og "påskejammen" langfredag.

Jan Atle Monsen frå Fana og Morten og Elin Tonheim frå Sotra hadde vore i Rosendal med bubilane sine sidan onsdag, og tok turen til Snikkeriet fredag kveld. Det angra dei ikkje på:

- Denne puben slår alle i Bergen! Knall musikk og fantastisk stemning, meinte dei.

Fleire turistar, i tillegg til kvinnheringar i alle aldrar, dansa, preika og kosa seg.

Då Kvinnheringen var innom spelte Roger Stangervåg (vokal), Mats Moland Træen (gitar), Sindre Aksnes (trommer, Oddgeir Røssland (gitar) og Per Bråtun (bass). Etterpå overtok Eli Kvalvågnes mikrofonen, og og fekk i tillegg med seg Stig Klette på banjo og Torstein Hjelle på gitar.

Kommentarer til denne saken