Søfteland på Snikkeriet

Laurdag speler Eirik Søfteland, Olav Skorpen og Jens Erik Aasmundseth på Snikkeriet. (Pressefoto).

Laurdag speler Eirik Søfteland, Olav Skorpen og Jens Erik Aasmundseth på Snikkeriet. (Pressefoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Med Eirik Søfteland i spissen kjem bandet Undercover laurdag til Snikkeriet i Rosendal.

DEL

Bandet består av Olav Skorpen, Eirik Søfteland og Jens Erik Aasmundseth. Dei tre kameratane speler opp til fest og dans med sine eigne favorittar frå dei siste tiåra. Fra Åge Aleksandersen, Michael Jackson og Waterboys til Bruno Mars, Muse og Daft Punk; her blir det noko for alle, står det i ei pressemelding får Snikkeriet.

Dei tre møttest første gong på den smått legendariske jammen i Os Rock City for mange herrens år sidan, og har halde takten sidan den gong. Med ein forretningsidè som sprang ut i å laga eit band som kunne få plass i baksetet på ein Opel Corsa, starta dei trioen Undercover.

Eirik Søfteland er kjend for dei fleste, og han er for tida klar med si blodferske debutplate, og regelrett sitrar etter å vise verda kva han har kokt i hop i studio det siste året. Han har turnert land og strand dei siste åra med ymse prosjekt, blant anna sommarrevyen som blei spelt på Husnes og i Rosendal i 2015.

Olav Skorpen, omtalt som ein av noregs beste bassistar ved fleire høve, stiller med nykokte strengar og fylkets beste bart, heiter det i  pressemeldinga.

Jens Erik Aasmundseth er multiinstrumentalisten som stiller med elgitar under armen.

Velkommen til fest på Snikkeriet. Her blir det høve til å svinga seg, «headbange», dansa jenka og klina, helsar arrangøren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags