21. februar kan du høyra både korsong, tuba, munnspel og fiolin på vinterkonsert i Valen kyrkje

NY KONSERT: Innviingskonserten for det nye pianoet i Valen kyrkje i februar i fjor blei ein suksess, og no blir det ny vinterkonsert. Yuko Shuto (t.v.) og Kirill Zimin blir med denne gongen òg, saman med mange andre spennande musikarar. (Arkivfoto).

DEL

I februar i fjor inviterte Yuko Shuto og Steinar Haugan til Vinterkonsert på Valen, for å visa fram det nye pianoet i kyrkja. Fredag 21. februar blir det ny konsert, med spennande instrument og gjestesolistar frå Sogndal, Bømlo og Oslo.

På konserten vil publikum få høyra eit variert og vakkert repertoar som spenner frå Johan Sebastian Bach til Erik Bye, og mange dyktige utøvarar blir å høyra på ulike instrument, står det i pressemeldinga.

Konserten varer i ein dryg time, og du får høyra desse deltakarane: Kammerskoret, Husnes Blandakor, Erling Cunningham og Yuko Shuto på piano, Silje Haugan, Øyvind Fossheim og Sara Belic på fiolin, Dunja Belic på cello, Dora David på tverrfløyte/piccolofløyte, Kirill Zimin på klarinett, Dmitri Kuzmin på tuba, Hans D. Gertz på munnspel, Tor Bjelland på el-bass og Steinar Haugan med song og gitar. Sistnemnde er arrangørar saman med Yuko Shuto og i samarbeid med Kyrkjekontoret.

Artikkeltags