Innviar det nye pianoet med gratiskonsert

Steinar Haugan var den som tok initiativ til kronerulling for nytt piano i kyrkja på Valen. Her står han ved det gamle pianoet som no er bytta ut. (Arkivfoto).

Steinar Haugan var den som tok initiativ til kronerulling for nytt piano i kyrkja på Valen. Her står han ved det gamle pianoet som no er bytta ut. (Arkivfoto).

I oktober i fjor starta ei pengeinnsamling til nytt piano i Valen kyrkje. No er det på plass, og laurdag blir det innvia med gratiskonsert.

DEL

Steinar Haugan startar kronerulling for nytt piano

Responsen på innsamlinga var fantastisk, og det kom inn heile 56.000 kroner i pengegåver, står det å lesa i ei pressemelding.

Sparebank1-stiftinga Kvinnherad støtta også med 100.000 kroner, og dermed var finansieringa av pianoet i boks. Det nye konsertpianoet er av merket Schimmel, og på laurdag blir det konsert der givarane og andre musikkinteresserte kan få høyra nye-pianoet i bruk.

Ei rekkje lokale utøvarar skal framføra spennande og vakker musikk, og pianoet vil vera i fokus.

Følgjande aktørar deltar på konserten:

Yuko Shuto – piano solo og akkompagnement

Jan Halvor Postigo Moss – piano solo

Kristin Schulerud – piano solo

Kristine Maria Jacobsen Lund – piano firhendig

Kirill Zimin – saksofon

Ole Bjarte Røssland – trommer

Olena Pasichnyk – fiolin

Sije Haugan – fiolin

Frode Kaldestad – piano akkompagnement

Kammerskoret – song

Husnes Blandakor – song

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags