Ståande applaus frå nærare 200 stykk på innviingskonserten

SAMSPelT DUO: Yuko Shuto på piano og Silje Haugan på fiolin spelte Tor Aulin sin Idyll og Humorsque samspelt og vakkert for publikum.

SAMSPelT DUO: Yuko Shuto på piano og Silje Haugan på fiolin spelte Tor Aulin sin Idyll og Humorsque samspelt og vakkert for publikum.

Rundt 200 menneske tok turen til Valen kyrkje laurdag kveld for å feira det nye pianoet som kom til kyrkja gjennom kronerulling.

DEL

Det tok ikkje lang tid før Steinar Haugan hadde fått samla inn nok pengar til å kjøpa eit splitter nytt piano til Valen kyrkje. 21. oktober hadde Kvinnheringen ute ein artikkel om at valebuen hadde starta kronerulling for å bytta ut det gamle pianoet. Til då hadde Haugan samla inn 28.000 kroner, men innan månaden var omme var summen ein heilt annan – 156.000 kroner. 100.000 kroner frå Sparebank1-stftinga Kvinnherad, og 56.000 kroner frå 43 andre gåvmilde.

– Det gjekk fortare enn eg hadde trudd, sa ein særs nøgd Haugan etter konserten.

Eit balansert piano

Pianolærar i musikkskulen, Yuko Shuto, og Haugan hadde vore i Bergen og kjøpt eit splitter nytt Schimmel konsertpiano.

– Då eg spelte på det var det veldig balansert. Både dei djupe og dei lyse tonane var akkurat slik dei skulle vera, kunne Shuto fortelja om kvifor det blei akkurat det pianoet.

Det var pianolæraren sjølv som opna konserten med vakker klassisk musikk frå Domenica Scarlatti. Til neste nummer fekk ho med seg dotter til Eli og Steinar Haugan, Silje Haugan, som kom heilt frå Oslo for å akkompagnera pianoet med fiolinen sin. Saman spelte dei Idyll og Humoresqe av Tor Aulin. I løpet av den neste halvannan timen var det fleire lokale musikarar oppe og briljerte, før Husnes Blandakor og Kammerskoret slutta av med «Längst inne i mitt huvud» av Bo Hansson. Eit nokså rørt publikum gav koristane ståande applaus.

KAMMERSKORET: Kammerskoret framførte blant anna «Come again» av John Dowland, og «Du ser meg i auga» av Eliassen/Caplin/Vesaas.

KAMMERSKORET: Kammerskoret framførte blant anna «Come again» av John Dowland, og «Du ser meg i auga» av Eliassen/Caplin/Vesaas. Foto:

Folk frå heile kommunen

– Eg er heilt overgitt. Det er folk frå alle delar av kommunen her, svarte Haugan då Kvinnheringen lurte på kva han sjølv tenkte om det store oppmøtet.

Haugan kunne pusta letta ut etter konserten då pianoet hadde fungert godt, og lydde fint med folk i salen.

– Det fungerer godt, spesielt med folk!

Ein årleg affære

Alle pengane blei ikkje brukt på pianoet, det er framleis noko igjen. Det ønskjer Haugan å bruka på fleire slike konsertar, då det ofte kostar litt å arrangera.

– Eg og Shuto kjem til å halda fram som pådrivarar, og gjera dette til ei årleg affære, kunne Haugan fortelja.

STÅANDE APPLAUS: Det var klapping og tårer om kvarandre då Blandakoret og Kammerskoret avslutta konserten.

STÅANDE APPLAUS: Det var klapping og tårer om kvarandre då Blandakoret og Kammerskoret avslutta konserten. Foto:

Artikkeltags