Det skriv drivarane av 5460 i pressemeldinga.

Bergensaren blei kjent etter at han var med i den kontroversielle reality-serien «Ex on the beach», og har òg vore med i årets sesong av «Skal vi danse». Seinare har han òg slått seg opp som rap-artist, og han rappar på bergensk. No har han over sju millionar avspelingar på Spotify, og over 70.000 følgjarar på Instagram.

Laurdag speler han to konsertar på 5460, først ein for ungdommar under 18 år tidleg på kvelden, og seinare på kvelden for eit eldre publikum.