Kor er dette?

Prøv deg i ein ny runde av «Kor er dette»-konkurransen!

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Motivet i «Kor er dette» førre fredag var frå Sanden i Uskedalen, med utsikt utover sjøen.

Ein av dei som såg kor bildet var teke var Marte Kristoffersen Øyjord, Rosendal. Ho får sjølvsagt flaxlodd i posten.

I dag byr vi på eit anna motiv frå ein stad i kommunen, og spør som alltid: Kor er dette?

Veit du svaret sender du det i posten (merk konvolutten «Kor er dette?») til Kvinnheringen, Lonavegen 59, 5460 Husnes.

Du kan også senda svaret på e-post til kor@kvinnheringen.no. Hugs å skriva fullt namn og adresse.

Svaret må vera redaksjonen i hende seinast tysdag kveld. Vi ønskjer deg lukke til med å finna ut kor fotografen vår har vore denne gongen.

Artikkeltags