Røysterett for Alle inviterer til jubileumskonsert

Koret Røysterett for Alle har 30-årsjubileum i år. Laurdag 14. april blir det konsert på Husnes. Framme, til venstre for koret, ser du dirigent Maria Malmsten og pianist Andre Eide. (Foto: Privat).

Koret Røysterett for Alle har 30-årsjubileum i år. Laurdag 14. april blir det konsert på Husnes. Framme, til venstre for koret, ser du dirigent Maria Malmsten og pianist Andre Eide. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

I år fyller koret Røysterett for Alle 30 år. Det skal blant anna feirast med konsert i Kulturhuset Husnes 14. april.

DEL

Røysterett for Alle, med dirigent Maria Malmsten, byr inn til 30-årsjubileumskonsert, og er glade for å kunna skilta  med den verdskjende pianisten Geir Botnen som gjesteartist! Berre dette skulle vera nok til å lokka mange til Kulturhuset Husnes laurdag 14. april, melder koret i ei pressemelding skrive av Svein Rimestad på vegner av koret.

– Det vil føra for langt å ramsa opp merittane hans, men han kan googlast – det er til og med laga ein ganske fyldig artikkel om han på Wikipedia.

Elles er desse medverkande på konserten: Rosendal Songlag med Éva Megyesi på piano, Andre Eide på piano, og konferansier Toralv Lura.

Publikum får vera med på eit lite sveip gjennom det flotte materialet koret har framført opp gjennom tida, samt ein del nytt innøvd spesielt for høvet. – Ei lita «rosin i pølsa» er eit potpurri av musikalstykke av Andrew Lloyd Webber framført av Rosendal Songlag og Røysterett for Alle. Me gler oss – gjer de? skriv Rimestad.

Artikkeltags