Rundt 55 personar fekk med seg konserten i Kulturskulesenteret på Husnes.

– Når vi øver og øver er det jo kjekt å spela for nokon! Det er relativt få som spør oss om å spela, så då må vi finna på noko sjølv, fortalde Svein Bergseth frå Utåker Musikklag om bakgrunnen for konserten.

Dei to korpsa hadde invitert Kammerskoret, som fekk opna showet. Musikalsk leiar Eli Haugan fortalde at dei skulle opna med to songar dei ikkje har sunge før, og at dei derfor var spente. Den første var «Det store fjell» med tekst av Tarjei Vesaas, der Kammerskoret hadde bytt ut fjella i den originale tekstlinja med dei lokale fjella Ulvanåso og Mjelkhaug. Etterpå song dei «Turid» og «Klukkesundag», også med tekstar av Vesaas, før dei tok eit stort sprang – like til Cuba, med «Juramento» og «Las cuatro palomas». Den siste songen Kammerskoret framførte var «Mata del anima sola» frå Venezuela, der Jeanne Marie Børretzen var solist.

Samspelte

Så var det det korpsa sin tur, og Bergseth forklarte publikum korleis samarbeidet hang i hop:

– Vi på Utåker var få musikantar, og med eitt heiderleg unnatak, berre menn. Det var det same i Høylandsbygd, der var dei berre kvinner, med eitt heiderleg unnatak. Då tenkte vi at dette var ein perfekt «match», og med to korps samla er det dobbelt så kjekt å spela. Vonde tunger vil ha det til at mannfolka frå Utåker no er byrja å dusja før øving, sa Bergseth, og fekk publikum til å humra.

Og korpsa var svært samspelte etter det vi kunne høyra, og dirigent Linas Dakinevicius loste musikantane trygt gjennom det varierte programmet. Dei opna med flotte «One day», der Sigrid Kviteberg var solist på kornett. Etterpå spelte dei «Aprés un Rêve», med Camilla Emmerhoff sin solo på althorn. På «Softly as I leave you» var Ingrid Røen og Nina Hvål solistar på aufonium. «Connecticut» var ein lystig låt som truleg er kjent for mange, og «Heads you win» hadde skikkeleg «snert» over seg med Olav Eger Hesjedal som briljerte på slagverk.

Likevel var nok fellesnummeret på slutten, der Kammerskoret song «Autumn Leaves» saman med Utåker Musikklag og Høylandsbygd Musikkorps det flottaste innslaget, og ei fin avslutning på den varme haustkonserten.