Strikkekafé med korsong

Koret Røysterett for alle er gode på "multitasking" og torsdag får du høyra dei syngja medan dei strikker og heklar. Her frå ei øving. (Foto: Eirik Sverdrup).

Koret Røysterett for alle er gode på "multitasking" og torsdag får du høyra dei syngja medan dei strikker og heklar. Her frå ei øving. (Foto: Eirik Sverdrup).

Artikkelen er over 4 år gammel

Førstkomande torsdag arrangerer koret Røysterett for alle strikkekafé i Helgheim i Uskedalen.

DEL

Her vert det song av koret, som både skal syngja, strikka og hekla samtidig, pluss at Malmsten Trio skal opptre med fiolin, song og gi-tar. Det blir òg kaffi og kaffimat, samt loddsal der mellom anna ein flott strikkegenser skal bli lodda ut.

– Ta med strikketøyet, heklekurva og anna handarbeid, oppmodar arrangørane.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags