Strupebandet i Riddersalen

Kristin Isdal Eide er ein av fleire gode solistar i Strupebandet.

Kristin Isdal Eide er ein av fleire gode solistar i Strupebandet. Foto:

Helga 14. til 16. juni trør Strupebandet til med tre sommarkonsertar. Avslutninga skjer i sjølvaste Riddersalen på Avlsgarden.

DEL

Igjen har Strupebandet finpussa stemmebanda og gjort seg klar til dei årlege sommarkonsertane. Premieren blir fredag 14. juni i Halsnøy kulturhus.

– Denne gongen blir det berre éin konsert på Halsnøy, men den blir til gjengjeld bra, lovar korleiar Arne Hauge og nestleiar Åshild Heimvik.

Kippers kafé og bar har ope både før, under og etter konserten, så her kan ein belaga seg på å bruka heile kvelden, om ein ønskjer det.

Laurdag drar koret til Stord med konserten sin, og søndag ligg alt til rette for å prøva seg i den nye storsalen i kommunen, baroniet sin Riddersal.

Blant dei beste

Med konserten 16. juni har Strupebandet klart å bli ein del av baroniet sitt kulturprogram, som elles er spekka med velkjende artistar.

– Vi innrømmer gjerne at vi er litt krye av det, kommenterer leiaren og nestleiaren i koret.

– Gjer de litt ekstra ut av konserten på grunn av det?

– Vi har nok øvd litt ekstra i år, både med koret, solistar og solistgrupper, dessutan er konserten litt lengre enn vanleg. 17 nummer står på programmet. Det er i alle fall fem songar meir enn normalt, vedgår Arne og Åshild.

Songarane er litt meir spente og nervøse enn vanleg, får vi vita, men først og fremst meir skjerpa og forventningsfulle.

«Kings and Queens»

Det er namnet på konserten i år. I ei pressemelding skriv dirigent Kari Tarberg dette om innhaldet:

«Dei tre konsertane med tittelen «Kings & Queens» er ein hyllest til store stemmer og utøvarar i populærmusikken i siste halvdel av 1900-talet, både nordiske, engelske og amerikanske. Det blir ekstra mykje nytt denne gongen, men sjølvsagt også ein del ting ein har gjort tidlegare. Uansett blir det glade rytmar og kjende songar for dei aller fleste.

Koret har sine faste solistar, som blir flittig brukte. Denne gongen har ein i tillegg utvida solistrekkja betydeleg.

Gjester i det faste orkesteret er også i år Gjermund Fredheim på gitar og Remi Sjo på slagverk, til stor glede for koret.

Ingeborg Kvamme har endå ein gong laga vakker scenografi til konsertane, det er berre å gle seg», skriv dirigenten.

Forutan Fredheim og Sjo er orkesteret samansett av Hallgeir Tvedten (tangentar), Audun Tvedten (saksofonar) og Roy Faste Særsten (bass). Helén Petersen er konferansier. Koret og musikarane er kjende for å by på variert og fengande musikk og særs god stemning på konsertane.

– Publikum er velkome, helsar Åshild Heimvik og Arne Hauge.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags