Strupebandet klarte det igjen

UNG SOLIST: Emilie Vik frå Stord var gjestesolist under førjulskonserten til Strupebandet.

UNG SOLIST: Emilie Vik frå Stord var gjestesolist under førjulskonserten til Strupebandet.

Strupebandet kan kunsten å miksa musikalske gjester med fengjande repertoar.

DEL

I tillegg til at koret har mange gode solistar i eigne rekkjer, vart årets førjulskonsert krydra med den vakre stemma til Emilie Vik, gitarspelet til Gjermund Fredheim og tromminga til Marius Sjo. Dei to sistnemnde forsterka det faste orkesteret; Hallgeir Tvedten (tangentar), Audun Tvedten (saksofonar) og Roy Faste Sjo (bass). Og i tillegg til at songarar og musikarar skein som stjerner på scenen, baud også Ingeborg Kvamme sin scenografi på nydelege stjerner mot mørk scenevegg.

Strupebandet vart som vanleg stødig leia av dirigent Kari Tarberg, og koret sine eigne solistar var Kristin Isdal Eide, Frøydis Sjo, Olav Hilmar Koløy, Anja Regin og Harald Thuestad.

Konferansier Hilde Svalbjørg leidde publikum gjennom repertoaret med ein fin miks av fakta og kjekke historier knytt til songane eller komponistane. Det heile starta med nydelege «Walking in the air» med unge Emilie Vik som solist. Vidare fekk vi litt over ein time med alt frå feiande frisk gospel, via opera, til julesalmar og Maria Careys «All I want for Christmas». Konserten vart som vanleg avslutta med «Deilig er jorden», der publikum var med på dei siste versa.

Strupebandet heldt to konsertar i kinosalen i Halsnøy Samfunnshus torsdag kveld, og ein i Valen kyrkje fredag. Kvinnheringen gjesta den første konserten torsdag, då ruskevêret ute gjorde det ekstra godt å koma inn i den musikalske varmen til Strupebandet. Kinosalen var fylt med med smilande og nynnande tilhøyrarar, som utover i konserten kom i stadig betre julestemning.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags