Første konserten med «nye» Husnes Blandakor

STOR GJENG: Husnes Blandakor har fått mange fleire med seg den siste tida, blant anna ein heil gjeng frå Kammerskoret. Søndag inviterer dei til julekonsert i Husnes Kulturhus. (Foto: Mona Grønningen).

STOR GJENG: Husnes Blandakor har fått mange fleire med seg den siste tida, blant anna ein heil gjeng frå Kammerskoret. Søndag inviterer dei til julekonsert i Husnes Kulturhus. (Foto: Mona Grønningen).

Søndag 9. desember inviterer Husnes Blandakor til ein uhøgtidleg julekonsert i Kulturhuset Husnes.

DEL

Blandakoret har ei stund blitt færre og færre, men no har koret tatt seg opp og er nærare 30 koristar. Dei har fått med seg ein del av medlemene i Kammerskoret i tillegg til andre. No lagar dei til ein eigen julekonsert i festsalen på Husnes.

– Det blir ein upretensiøs konsert med servering av kaffi og peparkaker, og så vil vi gjera vårt beste, freistar styreleiaren i koret, Sveinung Grønstøl.

I tillegg til vakre julesongar blir det musikk med Frode Kaldestad på piano, Terje Gudding på klarinett, og Eirin Norvik på trompet, som òg er dirigenten til blandakoret. Grønstøl fortel at det også vil bli nokre overraskande innslag, men det får folk vita når dei først er der.

– Når folk er leie av å laga til jul, kan dei komma til kulturhuset og høyra på flott musikk!

Koristen er sikker på at det vil bli kjekt for publikum å høyra eit større blandakor, og fortel at dei har fått fleire gode songarar med seg.

– Dette blir den første konserten til Husnes Blandakor etter at vi fekk nye med oss, seier Grønstøl, og trur at dei som kjem vil få ei positiv oppleving.

Artikkeltags