Laurdag 6. april blir ikkje som andre laurdagar i Skålagato

Rosendal Songlag og dirigent Eva Megyesi (fremst) er klare for korfest saman med Røysterett for Alle og åtte andre kor frå fylket.

Rosendal Songlag og dirigent Eva Megyesi (fremst) er klare for korfest saman med Røysterett for Alle og åtte andre kor frå fylket. Foto:

DEL

Det syt ti kor frå heile fylket for.

Norges Korforbund Hordaland har plukka ut Rosendal som neste stopp for arrangementet «Kortreff». Dette blir «korfest i venners gode lag», hevdar forbundet på Facebook-sida si.

På dagtid kan ein høyra korsong av ulike kor på ymse stader i Skålagato, medan det litt seinare på dagen er duka for konsertar både i Rosendal samfunnshus og Kvinnherad kyrkje.

Av lokale kor deltar Rosendal Songlag og Røysterett for Alle. Begge trør til i Skålagato, medan dei deler ettermiddagskonsertane mellom seg. Songlaget syng i samfunnshuset saman med åtte andre kor, og Røysterett kan du høyra i kyrkja saman med sju andre kor. Nokre av kora deltek på begge konsertane.

Gjestekora som kjem til Rosendal er Bergen Mannskor, Dale Mannskor, Kor é Vi, Kor-ness, Sangforeningen Ekko, Strandebarm Songlag, Tertneskoret og Trengereidkoret.

– Eg håpar folk kjem for å høyra på oss, for dette skal bli ein kjekk dag med mykje songglede, lokkar Hedda Thauland, styremedlem i Rosendal Songlag.

Laurdagen vert avslutta med festmiddag for songarane på Rosendal Fjordhotel.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags