Røysterett for alle skal runda av jubileumsåret med julekonsertar i år. Svein Rimestad i koret fortel at dei har hatt ein draum om å ein gong arrangera ein julekonsert.

– Då passar det godt å gjera det i eit jubileumsår.

Koret på rundt 30 stykk har etter kvart fått eit stort repertoar, og meiner dei kan stå for ein vesentleg del av ein slik konsert sjølve, ikkje berre vera eit innslag i ein samlekonsert. Men dei har likevel med seg nokre andre musikarar i kyrkja. Det blir ei avdeling med Einar Steinkopf på gitar og sonen Fridar Malmstein Steinkopf på saksofon. Elles akkompagnerer Frode Kaldestad på klaver, som er ein musikar koret har hatt med seg fleire gonger.

Her skal dei synga

Rimestad fortel at den første konserten vil vera i Uskedal kyrkje 6. desember, medan den andre vil vera i Ølve-kyrkja 13. desember.

Publikum vil få høyra mykje forskjellig, både gamle julesongar, nye julesongar og dei gode og kjente julesongane alle kjenner.

– Det er varierande, både gammalt og nytt, og litt som ikkje er julesongar, men høver seg i kyrkja, seier Rimestad, og bruker Leonard Cohen sin Halleluja som eksempel.

Gjer det ikkje til vane

Rimestad sjølv har vore med i Røysterett for alle sidan starten i 1988, og meiner at ved eit slikt jubileum er det på sin plass å slå på stortromma.

– 30 nye år må det i alle fall bli. Ein ting er at akkurat det med å synga er kjekt, men det sosiale er også veldig viktig. Du må ha ein god tone, og då tenker eg ikkje berre reint musikalsk, men ein må òg treffa tonen sosialt! seier Rimestad.

Røysterett for alle har vore å høyra på fleire julekonsertar opp gjennom åra, men det har aldri vore i eigen regi. Slike oppsetjingar krev mykje, så det blir nok ikkje årleg, meiner Rimestad.

– I år vil dette blir vår julekonsert, men vi skal vera med på dei faste òg.

Rimestad avsluttar med å seia at viss folk har anledning og har lyst, trur han dei vil få seg ei kjekk stund både i Uskedalen og Ølve.