Den 12. mars er det eitt år sidan Norge stengde ned, og dei fleste av oss fekk ein annleis kvardag enn vi har vore vane med.
Vi i Kvinnheringen ønskjer å høyra korleis dette året har prega deg. Har du vore åtskild frå familien din i utlandet? Mista jobben? Starta med noko nytt? Hatt heimekontor gjennom heile året? Vore koronasjuk? Vore isolert på grunn av helserisiko? Andre ting?
Send oss ei melding i innboksen, på e-post redaksjon@kvinnheringen.no eller ta kontakt på mobilnummer 40041466, så kanskje vi kan fortelja nettopp di historie i avisa i samband med eittårsdagen for den historiske nedstenginga.
Vi ser fram til å høyra frå deg.
Kommentarer til denne saken