I desse dagar med veldig høge straumprisar, auka renter og generell høg prisauke, kan ein lura på kva politikarane på Stortinget har drive med når det gjeld kraftpolitikk og suverenitetsoverføring til EU. Vi har som kjent sagt NEI til EU to gonger, sist i 1994. Straumpriskrisa vi er inne i, er ein ynskt og styrt politikk av dei fleste partia på Stortinget. Straumprisar som vi har fått dei siste åra, er også mykje av årsaka til at prisane på andre varer og ytingar aukar. At regjeringa og Stortinget vil ha endå meir ustabil vindkraft for å løysa kraftpriskrisa, er ganske uforståeleg for meg. Dette har dei prøvd i delar av Europa, med kraftkrise som resultat. Industri som skal gå døgeret rundt MÅ ha stabil kraft, og det får dei ikkje med sol og vindkraft. For tida eksporterer vi ganske mykje straum som er produsert av vasskrafta vår. Burde det ikkje vera sånn at vi sparte på vatnet vårt, no når vi går inn i vinteren, med lite nedbør og kulde, for å vera sikre på at vi har nok og rimeleg kraft i Noreg gjennom vinteren? Industri- og næringspartiet har noko vi kallar konsekvenspolitikk. Kanskje på tide at andre parti òg tenkjer gjennom politikken sin før den vert sett i drift. Skal vi få kontroll på straumen vår, så må det gjerast noko med energilova og EØS-avtalen. I tillegg så må tilnærming til «det grøne skiftet» gjerast fornuftig, og utan å sløsa med krafta vi allereie har. Vi må òg hugsa at Noreg eigentleg tok det «grøne skiftet» då kloke folk på 1900-talet satsa på vasskraft i staden for kol!


Leiar for Kvinnherad INP,

Gunnar Helleland