I fjor blei påsken veldig påverka av pandemien som nett hadde råka landet. I år igjen er det strenge restriksjonar fordi smitten ikkje går ned i landet vårt, noko som nok vil påverka denne påsken òg.
Men noko kjekt må ein jo finna på, og vi vil gjerne ha lesarane sine bilde frå påsken!
Kanskje du går tur, lagar god mat til familien, treff familie og kjente utandørs med god avstand, strikkar, les krim, driv med hagearbeid, pussar på bil eller båt, lagar påskepynt eller leitar etter påskeegg?
Hugs at dine idear kan inspirera andre som kjedar seg!
Send bilde til [email protected], så kan vi dela det i bildeseriar her på nettavisa. Nokre bilde kan òg bli brukte i papiravisa.
Hugs å ta med namn på dei vi ser på bildet, og kor det er tatt.

Les også