Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei fem føregåande somrane. Budeiene vert difor til stades på stølen følgjande onsdagar: 8., 15., 22. og 29. juli, samt 5. august. Nokre timar midt på dagen vil dei syta for lunk i omnane og ynskja alle gjester og turgåarar velkomne.

– Dette er eit tilbod til alle, enten dei er fastbuande i Kvinnherad eller kjem til kommunen med vanleg bil, bubil, buss, sykkel eller båt. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, og gjerne smaka nykokt kaffi og våre vidgjetne mjelkekaker, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Sju sel

Kjeldestøl er no komplett med sine sju sel. Siriselet har stått der heile tida, medan venelaget har bygd opp att Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet, Peraselet og Torkjellsselet. I tillegg er det sett opp både utedass, ei skytje, ei hadletekkje, og nokre flotte langbord med benker. Dei siste månadane har vi også gjenbygd kalvahuset, som vi tidlegare berre kunne skimta grunnmuren av i ura.

Venelaget har elles rydja fleire gamle stiar i området, ikkje minst den flotte Hauavegen, som går frå Kjeldestøl til Nysetre og Hovda.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

Frå bommen på Bjørke, ovanfor kyrkja i Rosendal, er det om lag éin times gange til Kjeldestøl.