Det melder Helse Fonna i ei pressemelding tysdag.

Det var ein pasient i aldersgruppa over 65 år. Dette er det første koronarelaterte dødsfallet i Helse Fonna sidan pandemien starta.

Tysdag morgon var det innlagt fem pasientar med påvist covid-19 i Helse Fonna. Alle er innlagde på Haugesund sjukehus, og éin av desse får intensivbehandling. Pasienten er i aldersgruppa 18–64 år.

Totalt er 85 medarbeidarar i Helse Fonna i koronarelatert fråvær, og føretaket har frå og med denne veka redusert litt på planlagt drift, for å ha kapasitet til å ta imot fleire koronapasientar.

Helse Fonna ber også om at pårørande unngår å komma på besøk, men understrekar at det er viktig at pasientar møter opp til timane sine, så lenge ein er frisk og ikkje har symptom.