I nær framtid vil korpsstyret dela ut informasjon på barneskulane i Husnes-området (Valen, Sunde, Undarheim og Bringedalsbygda), i håp om å lokka musikkinteresserte elevar til å begynna i korpset.

– På skulane rettar vi oss i hovudsak mot tredjeklassingar og kanskje fjerdeklassingar, men andre musikkinteresserte kan òg ta kontakt, seier Grete Birkeland som er med i korpsstyret.

Korpset har fått rekrutteringsmidlar frå Sparebank1-stiftinga Kvinnherad, og nye medlemer kan få grunnopplæring gjennom kulturskulen utan å betala meir enn medlemskontingenten i korpset (for tida 500 kroner).

– Det er ein rimeleg aktivitet å vera med på og dessutan veldig inkluderande. Øvingane skjer kvar onsdag og vi er elles med på seminar av og til. Vi har òg reist på lengre turar år om anna, fortel Birkeland.

I helga var gjengen med på fellesseminar med skulekorpsa i Uskedalen og Rosendal.


Må bli fleire

17. mai-speling er normalt obligatorisk for eit korps, og kva er vel nasjonaldagen utan korpsmusikk? Men i år var Husnes skulekorps dessverre ikkje i stand til å spela på 17. mai – det var for få musikantar. For tida er talet på aktive medlemer ni.

– Så her må det rekrutterast nye medlemer skal det bli nok korpsmusikk. Tre av dei ni går siste året på vidaregåande no, og går ut av korpset til våren, fortel Birkeland.

Kvinnheringen var innom den første øvinga etter sommarferien. Ein triveleg gjeng musikantar, leia av ein gøyal dirigent, håpar på fleire medlemer slik at det kan bli skikkeleg lyd i korpset igjen. Ein trommeslagar er snart på plass, men det trengs altså fleire musikantar.

Ein av skulekorpsveteranane er Nora Jensen Birkeland. Ho svarar kjapt på spørsmålet om kva som er kjekt med å vera med i korps:

– Det er sosialt og her er kjekke folk.

Frøya Aksnes Haugland er samd med Nora:

– Eg likar å spela musikk og synest det er kjekt å bli kjend med andre.

Dirigent og spilloppmakar Kjell Skarsfjord har òg gode ting å seia om korps:

– Her er alle med på laget og ingen blir bytta ut i pausen! Det er ein fin gjeng med lite slåssing. Dei er elles flinke til å høyra etter og toler å jobba med musikkstykka.