Korpset har desse dagane øvd mykje saman med tre dyktige instruktørar: Clive Zwanswiniski, Marcel Totolici og Kjell Skarsfjord. I tillegg til mykje læring har både musikantar og foreldre fått ein stor porsjon med inspirasjon og gode råd. Det er mykje å tenkja på når ein skal driva korps og gode råd frå desse særs erfarne instruktørane er viktige. At dei i tillegg alltid har ein festlig kommentar på lur, får me ta med oss som ein bonus.

Vi foreldre investerer tid i korpset. Det er kjekt for borna at me ser dei og stiller opp. Tenk sjølv kor mykje det betyr å høyra «bra jobba», «stor framgang», eller berre «du er flink». Når ein til dømes kikkar seg rundt i seminarlokala, forstår ein kva ein får igjen for dette. Vennskap oppstår på tvers av skular og klassar, lagspel, utfordringar, latter og glede.

I korpset er alle like viktige og alle er avhengige av kvarande. Me har stort fokus på speleglede, meistring og lagspel. Musikantane gler seg til øvingane og i pausane finn dei på aktivitetar saman.

Om det sit nokre komande spirer eller «gamle» musikantar som ynskjer å vera med i korpset, treng me fylla opp rekkjene. Me ønskjer nye musikantar frå alle skular i nærområda velkomne, men vil også oppfordra elevar frå Bringedalsbygda skule, Skarveland skule, Halsnøy skule samt Øyatun ungdomsskule til å melda si interesse. Saman blir vi flinke.

Me har øving kvar onsdag kveld i musikkrommet på Husnes ungdomsskule. Ta turen gjerne innom eller berre ta kontakt. Vi er opne for alle ynskjer og forslag.

Kari Bruntveit,

leiar i Husnes skulekorps.