Denna helga har 80 unge korpsmusikantar i alderen åtte til 18 år vore samla til seminar i Rosendal samfunnshus og på malmanger skule. I løpet av fredag til søndag deltok dei på gruppeøvingar og fellesøvingar, før det heile vart avslutta med konsert søndag ettermiddag. Musikantane kom frå skulekorpsa på Husnes, i Uskedalen, Rosendal og Tysnes.
Yngve Nikolaisen var hovudinstruktør. Han hadde henta inn instruktørar både frå Wales, Eikanger/Bjørsvik-miljøet og korpsmiljøet i Bergen. Dette var tredje seminaret i løpet av tre år som blei arrangert for unge korpsmusikantar i Kvinnherad.
– Vi har fått i gang desse seminara på grunn av god støtte frå Sparebank1-stiftinga og Kvinnherad Energi, sa Martha Skeie Olsen i leiinga for Rosendal skulekorps som var arrangementsansvarleg dette året.
– Dette er veldig kjekt. I tillegg til at vi lærer mykje, så er det kjekt å bli kjend med andre korpsmusikantar, seier Line Vestvik Flatland (13).