Klokka 16 i dag: Kortesje og open kyrkje for å minnast Jan Einar

Familien til ungdommen Jan Einar Joleik Risa, som døydde måndag etter ei trafikkulukke på Halsnøy, ønskjer alle hjarteleg velkomne.

DEL

Klokka 16.00 blir det køyrt kortesje med avdøde Jan Einar Joleik Risa, frå Kvinnherad Gravferdbyrå. Ungdommen døydde måndag etter ei trafikkulukke på Halsnøy søndag morgon.

I Eid kyrkje vil det bli ope hus når bilane kjem fram, der alle som ønskjer kan komma for å minnast Jan Einar. Kriseteam, representert ved Britt Helen Hauan, prest og organist vil vera til stades.

Hauan seier at familien ønskjer alle hjarteleg velkomne.

Artikkeltags