I morgontimane fredag var det svært glatt på vegen einskilde plassar i kommunen, spesielt sidevegar.

Kvinnheringen har fått melding frå fleire som seier det ikkje er salta der dei bur.

– I Herøysundet, når du køyrer ned mot Kompetansesenteret, var det ikkje strødd i sju-tida då folk skulle på jobb. Sjølv klarte eg akkurat å manøvrera bilen ut i grøfta på ein kontrollert måte. Men dette er ikkje første gongen. Saltinga bør skje mykje tidlegare! seier Veronika Johannessen som har sendt oss bilde.

Må du køyra bil no på morgonkvisten er vår oppmoding derfor at du er svært forsiktig, og for deg som skal ut og gå – ta på broddar om du har, og hald deg unna vegbana i tilfelle bilar mistar kontrollen på glatta!