Køyrde i 90 km/t i 60-sone på Husnes

Fredag kveld heldt UP fartskontroll i 60-sona i Opsangervegen. Vest politidistrikt melder på twitterkanalen sin at høgaste registrerte fart var 90 km/t. Normalt vil det resultera i inndraging av førarkort, politisak og saftig bot. I tillegg vart det skrive ut fem forenkla førelegg, blir det opplyst i meldinga.