– Eg ønskjer å samla inn teppe, madrassar, krykkjer, rullestolar, bleier til barn og produkt som kvinner treng, seier han.
Katastrofen i heimlandet Syria har fått Kordo til å engasjera seg. Han driv eige selskap og vil ta turen sjølv i ein av lastebilane sine.
Han har gjort det før, i 2015, og han har nettverk i Syria til å få hjelpa fram.
– Eg er i direkte kontakt med den same gruppa som møtte meg ved grensa og køyrde inn tinga eg hadde samla for nokre år sidan, opplyser han.
Då var det mest klede som vart samla inn.

No er kleda i Syria
Abdulhai er òg i kontakt med ein organisasjon i Larvik som òg samlar inn til Abdulhai si reise.
– Difor treng eg ikkje så veldig mykje frå Kvinnherad, men eg set stor pris på å få det eg kan samla, seier han.
Dersom ein vil donera, kan han koma og henta ting heime hos folk. Pengar er òg velkomne. I eit innlegg på Facebook-sida Kvardagsprat i Kvinnherad er det opplyst korleis ein kan gjera det.
– Turen kostar meg noko, så eg set sjølvsagt pris på all hjelp eg kan få. Alt av pengar som blir igjen etter turen vil gå til den same gruppa i Syria, slik at dei kan fortsetja med hjelpearbeid, seier han og takkar varmt på førehand.
