«Vi er urolege for at både den kommunale administrasjonen og politikarane kan la denne sjansen gå frå seg»

Av
DEL

MEININGARMaurangerverka er 50 år gamle, og Kvinnherad kommune har høve til å setja fram krav om gjenytingar for utbygginga og miljøtiltak som ikkje kunne krevjast i 1969. Den gongen slapp utbyggjaren å yta så mykje tilbake til vertskommunen som det som er vanleg i dag.

Kvinnherad Turlag/Bergen og Hordaland Turlag er blant dei lag og einskildpersonar som har sendt inn fråsegn til kommunen om at det må krevjast reviderte og skjerpa krav til utbyggjaren i Mauranger. Vi er urolege for at både den kommunale administrasjonen og politikarane kan la denne sjansen gå frå seg.

Kommuneadministrasjonen skal ha ros for at det i sommar vart sett inn lysing i lokalavisene om at kommunen ønskte innspel til revisjon av reguleringsføresegnene for Maurangerverka. Fleire lag og einskildpersonar nytta då høvet til å uttala seg innan fristen den 1. september.

I sommar vart det halde møte mellom turlaget og representantar for innbyggjarane i Mauranger. Blant dei momenta som då kom opp, var ønskje om at Statkraft burde yta meir att til Mauranger-samfunnet i form av økonomiske ytingar eller sponsingar. Mauranger-samfunnet fekk lite att av utbygginga samanlikna med andre kraftbygder i landet, vart det hevda.

Blant dei nye krava som bør setjast fram, er tiltak som kan gje nytt liv til meir eller mindre tørrlagde elvar og bekkar. Moderne krav til minstevassføring kan skapa grunnlag for at dei gamle stammene av aure i elvane i Austrepollen og Nordrepollen kan overleva og trivast.

Kommunen må setja krav til utbyggjaren om å vera medspelar for å fremja turismen i Mauranger. Dette vil styrkja økonomien til verksemder og einskildpersonar som legg til rette for dei som besøkjer Mauranger for å oppleva storfelt natur. Døme på slike krav er generell opprydding og landskapspleie i anleggsområda. Nokre stader har utbygginga gjort det vanskelegare å ferdast. Der må utbyggjaren leggja betre til rette slik at gamle ferdselsvegar kan verta meir tilgjengelege og kan nyttast trygt.

I dei høyringssvara som kommunen i sommar fekk inn, kan administrasjonen og politikarane finna mange gode tiltak som bør setjast fram for utbyggjaren. Vi vonar kommuneadministrasjonen og politikarane tek tak i saka og fremjar rettmessige krav til utbyggjaren som kjem Mauranger og innbyggjarane i Kvinnherad til gode. Dei nye krava som kommunen rettar mot Statkraft, vil ikkje svekkja drifta eller redusera skatte- og avgiftsinntektene som Kvinnherad kommune har av verka.

Kvinnherad kommune bør søkja samarbeid med (nye) Ullensvang kommune der nokre av anlegga til Maurangerverka ligg. Lukke til!

Kvinnherad Turlag

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags