Straumkunde fekk 12–16 prosent høgare forbruk med ny målar

WATTMETER: Dei nye straummålarane kan visa litt av kvart, blant anna kor mange watt du brukar til ei kvar tid.

WATTMETER: Dei nye straummålarane kan visa litt av kvart, blant anna kor mange watt du brukar til ei kvar tid.

DEL

Kvinnherad Energi har kontrollert eit titals målarar etter at nokre kundar har opplevd høgare straumforbruk med ny, automatisk målar.

Cort Holtermann på Utåker er ein mann som følgjer nøye med, både på vêr og straumforbruk. I desember opplevde han eit hopp i straumforbruket på 12%, samanlikna med snittet for dei 10 siste åra.

– Og utetemperaturen var ikkje unormal i desember 2017, legg han til.

I januar 2018 hoppa straumforbruket heime hos Holtermann opp 16%, samanlikna med snittet dei ti føregåande åra. Holtermann har førebels ikkje kontakta Kvinnherad Energi.

Hans Ordin Østebø ved Kvinnherad Energi opplyser at til no er eit titals målarar kontrollerte etter at kundar har reagert på høgare forbruk.

– Nokre har rett og slett hatt litt for billeg straum på grunn av at einskilde gamle målarar har snurra for seint, og så langt er det ikkje avdekka feil på dei nye målarane. Men i nokre få tilfelle har det vore feilkoplingar, forklarar Hans Ordin Østebø i Kvinnherad Energi.

Han oppfordrar kundar som synest straumrekninga har auka i overkant mykje etter målarskiftet, om å ta kontakt med Kvinnherad Energi.

– Vi kan kopla opp ein parallellmålar. Elles kan du faktisk gjera ein sjekk sjølv. Dei nye målarane kan visa kor mange watt du brukar til ei kvar tid, og ved å setja på t.d. ein omn som du veit trekkjer 2.000 watt, kan du sjå om auken på målaren stemmer, forklarar Østebø.

På Kvinnherad Energi sine heimesider finn du brukarrettleiing for den nye målaren.


Snart i mål

Kvinnherad Energi hadde fram til måndag fått montert 6.200–6.300 av dei 7.000 målarane. Og av dei monterte har 96% kontakt med sentralen som tar imot målaravlesingane, medan 4% må modifiserast, t.d. med ettermontert antenne, for å få avlesingane sendt av garde.

Artikkeltags